2000 Dordi Kjersti Mogstad, Oddvar Mikkelsen, Jorid Rudolfsen, Hugo Pedersen og Eli Vullum Kvande

Vil inspirere til aktiv naturforvaltning

I Surnadal kommune sitt nye utval for biologisk mangfald, står politikarar og innbyggarar saman for å ta vare på naturmangfaldet vårt. No innleier dei samarbeid med Vaulens venner, med mål om å inspirere og informere folk til å ta godt vare på slåttemark.

Ingressfoto: Dordi Kjersti Mogstad (frå venstre), Oddvar Mikkelsen, Jorid Rudolfsen, Hugo Pedersen og leidar Eli Vullum Kvande i Surnadal kommune sitt utval for biologisk mangfald. Harald Myrås og Ola Ragnar Gjøra sit og i utvalet, men var ikkje til stades då biletet vart teke.
 

I starten av februar vedtok kommunestyret i Surnadal samrøystes å etablere eit politikar- og innbyggarutval for biologisk mangfald for åra 2020 og 2021.

Mandatet til utvalet er å legge fram forslag til tiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i kommunen, og dei skal fungere som eit rådgjevande organ overfor kommunen sin administrasjon. Det nye utvalet skal og arbeide med å redusere omfanget av framande artar i kommunen.

Sjølve forma på utvalet, med ein kombinasjon av politikarar og innbyggarar, er ny.

– Dette utvalet er eit spennande prøveprosjekt, som vil gje kommunestyret mulegheita til å sjå korleis eit slikt samarbeidsutval av politikarar og innbyggarar kan fungere. Det kan vere høgaktuelt å opprette slike utval, der innbyggarane får vere med og påverke, også innanfor andre fagområder.

Det seier varaordførar Hugo Pedersen (Sp), som er ein av dei politisk valte medlemmane i utvalet. Eli Vullum Kvande (MDG) er leiar, medan Harald Myrås (SV) er den tredje og siste politikaren.

Trion med seg fire innbyggarar med variert bakgrunn i utvalet for biologisk mangfald, der Bodil Gjeldnes frå kommuneadministrasjonen er sekretær.

– Vi er så heldige å ha fått med oss innbyggarar med brei kompetanse; Oddvar Mikkelsen frå landbruket, Dordi Kjersti Mogstad, som jobbar med biologisk mangfald i Miljødirektoratet, Jorid Rudolfsen med bachelor i samfunnsgeografi og Ola Ragnar Gjøra, som er ornitolog og lærar, seier Eli Vullum Kvande.

Ho er glad for at Surnadal kommune med eit slikt utval går framom i arbeidet med å ta naturen på alvor.

– Naturen er livsgrunnlaget vårt, og det er i alle si interesse at ein forvaltar den på ein god måte, seier Kvande.

MDG-toppen viser til at ein rapport frå IPBES, som står for The Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services, viser at heile 50 prosent av naturen sine naturlege økosystem har forsvunne i løpet av dei siste 50 åra.

– Som følgje av det har og artsmangfaldet gått kraftig tilbake, så difor er eit overordna tema for dette utvalet å sjå på korleis vi kan ta vare på det vi har i dag.


Godt i gang

Medlemmane i utvalet har fått gode tilbakemeldingar på at eit slikt organ er oppretta.

– Både innbyggarar og fylkesmann har gjeve oss gode tilbakemeldingar, og vi har og fått reine takkemeldingar frå folk som er glade for at det biologiske mangfaldet vert teke på alvor. Det viser at dette er ei sak som engasjerer, seier Kvande.

Sidan det vart oppretta tidlegare i år, har gruppa hatt fire møter. Dei føler no at dei har funne ei effektiv arbeidsform, og at dei er komne godt i gang.

– Vi har fått orientering om framande artar, om korleis forvaltninga skjer i dag, om korleis kantslått i kommunen blir gjennomført, om kulturbeite og om ulike fugleartar, som er sårbare og trua i Surnadal, seier utvalsleiar Kvande.

På bakgrunn av desse orienteringane har utvalet gjort tilrådingar, som dei skal presentere for kommunestyret. Det skal dei, i tråd med vedtaket frå februar, gjere ein gong for året i 2020 og 2021.

Utvalet har, med hjelp frå Bodil Gjeldnes, etablert god kontakt med landbrukskontoret, og med gardbrukarane Hugo Pedersen og Oddvar Mikkelsen på laget, har gruppa eit godt utgangspunkt for ein god dialog med landbruket i kommunen.

– Eg er veldig glad for at landbruket er representert i utvalet, seier Kvande.

690 Bilde 2 Dordi Kjersti Mogstad, Oddvar Mikkelsen, Jorid Rudolfsen, Hugo Pedersen og Eli Vullum Kvande.jpg
Utvalet har allereie hatt fire møter, og føler dei er komne godt i gang.


Planlegg Kløverstukveld og Slåttadag

Den tydeleg engasjerte gjengen jobbar og med konkrete arrangement, som dei håpar skal informere og inspirere surnadalingar til å ta naturmangfaldet i kommunen på alvor.

På agendaen står mellom anna ein Kløverstukveld med tema framande artar, og ikkje minst Slåttadag på Vaulen, i samarbeid med Vaulens venner.

Etter avtale med fylkeskommunen står dei for slåtten rundt Vaulen, setervollen. Slåtten vert gjort etter fastlagt skjøtselplan, som mellom anna slår fast at den beste måten å skjøtte ei gammal, artsrik eng på, er å følgje opp den tradisjonelle driftsforma. Det vil seie utan gjødsel og med sein slått.

Torsdag hadde utvalet møte der Vaulens venner, ved Per Heggset, var representert. Der vart det bestemt at det skal lagast eit utvida arrangement rundt årets Slåttadag i Vaulenhelga.

Årets slåttadag er 8. august, og Eli Vullum Kvande ber folk om å halde av datoen allereie no.

– Vi vil applaudere arbeidet Vaulens venner gjer. Dei er eit stjerneeksempel på korleis ein kan ta godt vare på slåttemark. Slåttemark og slåttemyr er to trua naturtypar i Noreg, og sidan 2011 er desse utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Dette ønskjer vi auka fokus på her i kommunen. Behovet og ønskjet er at vi kan få fleire artsrike kulturmarksareal i god stand, seier Kvande, og får støtte frå Dordi Kjersti Mogstad:

– Omsynet til utvalde naturtypar er lovfesta, men vi ønskjer gjennom dette utvalet å inspirere til ei endå meir aktiv naturforvaltning, samt komme med klare råd om korleis naturforvaltninga i kommunen kan og bør vere.

Mogstad slår fast at det vil vere alvorleg dersom forvaltninga av dei naturtypane som er kritisk trua, ikkje vert forvalta på ein god måte.

Varaordførar Pedersen slår fast at vedlikehald og bruk av slåttemarker er ein viktig del av Surnadal si historie.

– Det har vore bortimot eit «vere eller ikkje vere» for oss, med tanke på fôr, seier han, medan Oddvar Mikkelsen støttar opp med å referere til Leif Halse:

– Han sa at det var markaslåtten som skapte gardane i Todalen.

Utvalet ser på temaet vedlikehald og bruk av slåttemark som så viktig at dei har spelt det inn som potensielt tema under Surnadal Sparebanks Landbrukskonferanse.


Vil nå alle aldersgrupper

På Slåttadagen 8. august får folk sjå korleis Vaulens venner driv slått, og utvalet for biologisk mangfald vil invitere lokale ekspertar til å fortelje om temaet.

Det blir matservering på arrangementet, og det er og planlagt fuglekasseverkstad for barn.

– Vi håpar å få med alle aldersgrupper. Sidan det ser ut til at det blir heimesommar på mange, håpar vi dette kan vere eit tilbod som interesserer mange. Samtidig gjev det viktig informasjon og forhåpentlegvis inspirasjon, seier Eli Vullum Kvande.

Ho fortel at det vil komme meir informasjon om arrangementet etter kvart, og ber folk følgje med i både lokale og sosiale medier.

Og parallelt med planlegging av Kløverstukveld og Slåttadag, held det ferske, men aktive utvalet fram arbeidet sitt.

– Vi har allereie rukke å ha mange gode diskusjonar, og eg gler med til fortsettinga, seier leiar Kvande.

– Ja, tida går utruleg fort på møtene. Det er ein utruleg engasjert gjeng deltakarar, med stor interesse for temaet, smiler Hugo Pedersen.