Vil kjøpe brannstasjonen for 1 krone
Surna Billag A/S, eigd av Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo, ønskjer å kjøpe den gamle brannstasjonen på Surnadalsøra for 1 krone. Saka blir behandla i kommunestyret torsdag 3. september.
I saksdokumentet står følgjande:
Billagsbygget på Øra ble brukt til brannstasjon og verkstadsbygg/garasje for uteseksjonen på kommunalteknikk gjennom mange tiår. I 2011 ble begge desse aktivitetane flytta over til nytt bygg i Røtet. Kommunen gjennomførte da ein prosess med tanke på å avhende eigedommen med bygningen og kommunestyret gjorde vedtak om å «selje» til Lediard Fotografi. Av ulike årsaker trekte Lediard seg frå prosjektet før handelen ble effektuert. Hovudutval for næring, teknikk og miljø (TMN) gjorde eit seinare vedtak om å søke om riving av brannstasjonen. Dette ble stoppa av Møre og Romsdal fylke v/kulturavdelinga som slo fast at bygget har kulturhistoriske og arkitektoniske verdiar som gjør at bygge ikkje kan rivast. Det har så gått eit tid for å få på plass eit økonomireglement som omfattar reglar for avhending/sal av kommunale eigedomar/eigedelar. Med bakgrunn i reglementet ble eigedomen annonsert for sal no i sommar. Ved utløpet av tilbudsfristen den 20. august var det komme inn eitt tilbod.
Tilbodet som er komme inn er frå eit nyetablert firma som heiter Surna Billag A/S, eit namn med historisk sus over, eigd av Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo. Firma er oppretta med tanke på å eige og drifte brannstasjonen med tilhørande tomt. Kjøpesummen som er på kr 1,- som da er ei vederlagsfri avhending slik som tidlegare tilbod gikk ut på. I annonseringa av salet av huset var det opplyst at kommunen ville legge vekt på at den aktivitet som skal inn i huset er tilpassa reguleringsformålet. Kulturhistoriske og arkitektoniske verdiar ville bli tillagt vekt.
Nøkkelbegrep i bruksområde er kunst, kultur og arkitektur. Dette må vere midt i blinken for eit gammelt erverdig bygg som brannstasjonen eller Billagsbygget eigentleg er. Kunstnaren Jon Arne Mogstad er professor ved Kunstakademiet i Trondheim og har lang erfaring som kunstner med eit stort kontaktnett i inn – og utland. Han har allereie utført mange av sine kunstverk i Surnadal. Tanken er å vidareutvikle dette og utnytte lokala i brannstasjonen til produksjon og undervisning innan kunst og arkitektur. Dei har tankar om å utvikle bygget til ein «Artist in Residence» stad der kunstnarar frå heile verda kan søke opphald i kortare eller lengre periodar.
Martinus Grimsmo vil med si lange bygningsansvarlege erfaring vere god til å forvalte bygget. I første tida vil aktiviteten i sokkeletasjen vere til lager for å skaffe eit minimum av legeinntekter i starten. Av dei vilkår som kjøparane har stilt er ansvaret for bekken som går i grensa av eigedommen mot vest. Dei føresett at kommunen fortsatt blir eigar av bekken som vil vere ei naturleg grense for eigedomen til brannstasjonen. Bekken har til tider vore noe brysom for omgivelsene og naboar og det vil ut frå det vere naturleg at kommunen tar eit ansvar her. Det elektriske anlegget i bygget må rustast opp etter krav frå kontrollen til Svorka. Dette er små tiltak som kommunen må utføre før salet blir effektuert. Dei kommunale avgiftene for vatn og avløp må justerast i samsvar med vassforbruket med mulig montering av vassmålar.
Den nedgravde oljetanken er tømt for olje og treng slik sett ikkje å bli fjerna.
Rådmannen si tilråding
Surnadal kommune sel den gamle brannstasjonen med tilhørande tomt på Øra til Surna Billag A/S v/Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo for kr 1,-. Rådmannen får fullmakt til å inngå kjøpekontrakt og forhandle om dei vilkår som er knytta til tilbodet. Kjøpar må dekke omkostningar ved salet/kjøpet så som tinglysing m. v.
Jon Arne Mogstad (arkivbilde)