Egil Nedal_350x232

Vil premiere barnefødslar

Surnadal slit med låge fødselstal og nedgang i folketalet. Det vil Ap-politikar Egil Nedal gjere noko med. Han ser for seg at dei 20 første som får born i 2012, blir støtta av Surnadal kommune med 10.000 kroner til kjøp av til dømes barnevogn og bleier. - Namnet på prosjektet gir seg sjølv: Up & Go, seier Nedal.

- Dette er sjølvsagt ikkje alfa og omega i forhold til å auke folketalet igjen i Surnadal, men kan vere et lite bidrag som kan virke godt saman med andre prosjekt for auka folkevekst. Mykje anna skal sjølvsagt på plass, slik som nytenking angåande arbeidsplassar, marknadsføring og gode offentlege tjenester, understrekar kommunestyre-representanten.

I spørjekvarteret i kommunestyret i dag, fredag, tok Nedal opp saka, og spurte om det går an å finne pengar som kan brukast som "distriktsvenlege forplantningsmidlar".

- Sjølv om dette er sagt med humor, er spørsmålet også reelt og har litt alvor over seg. Søgne kommune har hatt ei liknande sak oppe i kommunestyret for ei stund sidan, og der vart den godt motteke frå Arbeidarpartiet. Ordførar og Ap-kollega Mons Otnes er på si side ikkje så innstilt på å løyve midlar til eit slikt prosjekt.

- Eg stiller meg litt tvilande til ein slik jippo. Spørsmålet om korleis folketalet kan aukast i Surnadal, er nok det vi generelt snakkar mest om, og eg trur ikkje barnevogn og bleiepakke i premie er det viktigaste i den samanheng.