Overnatting ingress

Svinvik Gard:

Vil satse på arkitektteikna overnattingsplassar

Sjølv om restauranten på Svinvik Gard går godt, har Tore og Kristina Svinvik ingen planar om å kvile på laurbæra. No har dei fått hjelp av arkitekt Fredrik Lund til å teikne overnattingsplassar.

Ingressfoto: Kristina og Tore Svinvik inspiserer området der dei skisserte overnattingsplassane etter planen skal ligge, og utsikta mot fjorden.
 

– Vi ønskjer å satse skikkeleg, og heile tida jobbe med å betre produktet vårt, seier Kristina Svinvik.

Medan restauranten er fullbooka i to månader framover, sit ekteparet Svinvik litt på gjerdet med tanke på kor hardt dei skal satse vidare. Grunnen er usikkerheita rundt Todalsfjordprosjektet; når det vert realisert, og om det noverande alternativet blir det endelege.

– Vi har bruka mykje tid på restauranten, og det blir ikkje mindre om vi skal satse på overnatting. Så kjem det ei bru der bygginga skal starte om fem-seks år, vil det vere som eit slag i ansiktet for oss, seier Tore Svinvik.

Han fortel at ekteparet får mange spørsmål om overnatting frå potensielle gjestar, som ønskjer å overnatte og ete same plass.

– Ja, og vi trekkjer nok langt fleire gjestar som kjem langt for å besøke oss dersom vi har overnattingsplassar, seier Kristina.

blid ps.jpg
Tore og Kristina trur overnattingsplassar vil trekkje endå fleire gjestar til Svinvik Gard.


Ivrige etter å komme i gang

Tore og Kristina har kjempetru på konseptet arkitekt Fredrik Lund frå Studio Fredrik Lund har utarbeidd for dei.

– Overnattingsplassane Fredrik har teikna er så spesielle i seg sjølve, at det kjem til å trekkje folk, seier Tore Svinvik, medan Kristina supplerer:

– Vi er kjempeheldige som har fått med oss Fredrik på laget. Overnattingsløysinga han har skissert for oss vil gje gjestane våre fantastiske opplevingar, med nydeleg utsikt utover fjorden.

Sjølv om prosjektet er heilt i startgropa, innrømmer ekteparet Svinvik at dei er ivrige etter å komme i gang.

– Vi er utolmodige sjeler, og har planlagt trehogst for å lage plass til overnattingsplassane allereie i år. Det må sjølvsagt søkast om lov til å sette i gang prosjektet, men vi håpar og trur at det går i orden, seier Tore, og fortel at dei har planer om å søke om støtte frå mellom anna Innovasjon Norge.

– Vårt ønske er sjølvsagt å starte på prosjektet så fort som mogeleg, seier Kristina, og legg til:

– Difor treng vi ei avklaring rundt Todalsfjordprosjektet. For oss handlar det om kor hardt vi skal satse viss brua kjem der den er planlagt no.

overnatting todalsfjordprosjekt.jpg
Tore Svinvik viser kvar på Rakaneset den planlagte tunnelen i Todalsfjordprosjektet skal munne ut, litt til venstre for sjølve garden. Der skal etter planen og brua over til Svinvika starte. 


Vil utvide opplevinga

Kontakta mellom Svinvik Gard og arkitekt Fredrik Lund kom i stand via Innveno sitt RISS-prosjekt for lokale reiselivsbedrifter. Lund har tidlegare laga skisser for mellom anna Bolme Pensjonat og iTrollheimen.

– Innveno fortener ros for jobben dei gjer, seier Kristina, medan Tore legg til:

– Ja, dei er veldig flinke til å hjelpe oss som driv små bedrifter.

Gjennom RISS-prosjektet samarbeider Svinvik Gard og med mellom anna Thon Hotel Surnadal, som er den største tilbydaren av overnatting i Surnadal.

Tore og Kristina Svinvik fortel at prosjektet dei no vil sette i gang på ingen måte er meint som eit forsøk på å ta opp konkurransen med dei.

– Vi ønskjer ikkje å vere ein konkurrent til hotellet. Dei er viktige for oss, og viktige for Surnadal. Vi er heilt avhengige av dei, som overnattingsplass for gjestane våre, og har jamt folk innom, som overnattar der, seier Kristina.

– Ja, vårt ønske med dette prosjektet er å utvide opplevinga det er å komme til Svinvik Gard. Vi har ein ambisjon om å kunne tilby gjestane kombinasjonen av ein unik gourmetrestaurant i låven og heilt spesielle overnattingsplassar med utsikt mot fjorden, seier Tore.
 

Alle modellfoto under: Fredrik Lund frå Studio Fredrik Lund.

skisse 1.jpg
Slik skal dei spektakulære overnattingsplassane ligge, heilt ut mot fjorden.

skisse 2.jpg
skisse 3.jpg