øye skule 2014

Vil sjå nærare på eit nytt alternativ for Øye

Plan- og byggenemnda for Øye skuleområde hadde møte mandag denne veka. Nemnda går bort frå den einsidige tilrådinga om alternativ D1, og ønsker no å få grunnlag for å samanlikne dette med det nye alternativet D3.

Kommunestyret i Surnadal hadde eit eige møte om Nye Øye 3. april i år, der dei mellom anna fekk ein grundig gjennomgang av forprosjektrapporten. Det vart ein engasjert debatt på møtet, men kommunestyret kunne ikkje samle seg om eitt av dei framlagte alternativa.

Mandag hadde Plan- og byggenemnda for Øye skuleområde eit nytt møte, der dei vurderte om dei kunne komme med ei klar tilrådinga i saka til kommunestyremøtet i september.

Saksframlegget til dette møtet i plan- og byggenemnda, med oversikt over dei ulike alternativa, finn du på Surnadal kommune si heimeside. 

Rådmannen si tilråding til møtet i Plan- og byggenemnda mandag var slik: PBN for Øye skuleområdet ber Surnadal kommunestyre vurdere kva alternativ ein skal gå vidare med, innanfor eller utanfor vedteke kostnadsramme.


Vurderar fleire alternativ 

Rakel Polden (Ap) er leiar i PBN for Øye skuleområde. Ho fortel at PBN har teke med seg innspela fra kommunestyremøtet 3. april. I saksframlegget er det no vurdert fleire alternativ, som nemnda har sett nærare på.

Nemna stemte over om dei skulle halde fast ved tilrådinga om alternativ D1, men dette forslaget vart det ikkje fleirtal for.

Alternativ D1 er kostandsrekna til 128,7 millionar (eks. mva). Dette er innanfor kostnadsramma på 130 millionar som kommunstyret har vedteke. 

Rakel Polden fortel at nemnda såg nærare på alternativ AB2 (132,2 millionar eks.mva), samt eit nytt alternativ som er skissert i saksframlegget til møtet, D3 (139 millionar eks. mva).

Alternativ D3 er litt dyrare enn alternativ D1, men det inneber mellom anna at 1. - 7. trinn blir plassert i eit nytt bygg, slik at ungdomsskulen beheld klasseromsarealet sitt som i dag. Dette alternativet er ønska av mange, ikkje minst mange av lærarane, både ved ungdomsskulen og ved Øye.


D3 - alternativet (klipp frå saksframlegget)

Dette er eit nytt alternativ som til ei viss grad byggjer på D1 og på tidlegare skisser med heile Øye skule (1.-7.trinn) plassert i eit eige nybygg i 2 etasjar. Grunnen til at det blir bruka D3 om Surnadal kommune Val av alternativ - Øye skuleområde dette nye alternativet, er at det i skisseprosjektet var utarbeidd eit D2 alternativ som hadde 40 elevar pr. trinn frå 1.-7. D3 er eit bygg i to etasjar som er knytt til ungdomsskulen ved gamle tannklinikken.

Her er det gjort følgjande grep:
- 1.-4.trinn og SFO i 1.etasje i nybygg langs Øye stadion. I hovudsak slik det er teikna i forprosjektet.
- 5.-7.trinn blir plassert i ein ny 2.etasje over 1.-4.trinn.
- Lærararbeidsplassane blir lagt til mellombygget som knyter saman nybygget med ungdomsskulebygget, med 1.-4.trinn i 1.etasje og 5.-7.trinn i 2.etasje.
- Framleis sambruk av spesialrom i underetasjen i ungdomsskulen, kantine og bibliotek frå 5.-10.trinn
- I dette alternativet imøtekjem ein kravet om at dei minste ungane skal kunne gå «tørrskodde» til eigen gymsal.
- Ein imøtekjem også kravet om at ungdomsskulen får behalde klasseromsarealet sitt som i dag.
- 97-bygget er i dette alternativet frigjort og kan disponerast til andre formål.
- Ei grov kostnadsskisse for dette alternativet viser ei bruttoramme inkl. mva. på 173,8 mill. kroner. Investeringsramma, nettoramma eks. mva., er på ca. kr 139 mill. 


Økonomi er ein viktig faktor

Plan- og byggenemna ser at økonomi er ein viktig faktor i denne saka. Kommunestyret har tidligare sett eit tak på 130 millionar kroner for Nye Øye. Alternativ D1 er framleis det einaste alternativet som ligg innanfor denne kostnadsramma. Trass i dette vart det fleirtal i plan- og byggenemna for å be kommunen sjå nærare på alternativ D3, og får utreda det litt meir. Alternativ D1 vart betydeleg endra etter ein runde med innspel frå fleire hald, ikkje minst frå brukarane. Ein slik runde kan kanskje og vere aktuell for alternativ D3, slik at desse to alternativa blir samanliknbare.

Rakel Polden er klar over at mange er utolmodige etter å få ei avgjerd og kome i gang med bygginga av den nye skulen, så ho håpar at kommunestyret vil få grunnlag for å kome til ein konklusjon i saka i løpet av hausten. Men dersom kommunestyret held fast på kostnadsramma på 130 millionar, så vil dei ikkje kunne vurdere D3 som eit reelt alternativ.