
Får kjøpe "gammalskulen" for éi krone
Vil starte fleirkulturelt senter i Todalen
Kommunestyret vedtok i mars i fjor å leggje Gamle Todalen skule ut for sal for minimum 200.000 kroner, og med føring om at kjøpar bør bruke bygget til boligformål. Men sjølv om gammalskulen har vore annonsert i media og visningar har vore føretatt saman med interessentar, men ein har ikkje lukkast i å få til eit sal.

No har ei ny interessegruppe som skisserer ein vidare bruk av skulen, kome på banen. Interessegruppa har planlagt eit prosjekt dei kallar ”Gammalskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter”. Dei ønskjer at huset - som var barndomsheimen til forfattaren, folkemusikaren og bygdabok-forfattaren Leif Halse - skal tilhøyre bygda.
"Våre tankar er at "Gammalskulen" skal vera ein open møteplass for lokal- og internasjonal kulturutveksling. Det fleirkulturelle samfunnet har gjort Todalen til ei meir spennande og attraktiv bygd. Slik vert dette ein viktig arena for integrering og synleggjering av det mangfaldet vi er så heldig å vera ein del av. Det er og eit mål at det vert ein viktig møtestad for ein større region", skriv interessegruppa, som ønskjer å kjøpe gammalskulen gjennom oppretting av ei privat stifting.
I forkant av førre gongs handsaming av saka, ville Talgø Invest AS i samband med ei overtaking foreta full oppussing av huset, både utvendig og innvendig for å skape to moderne leiligheiter. Dette ville til dels dekkje bedriftas behov for gjennomgangsbustader til nytilsette i Talgø-bedriftene samt frå folk som vil etablere seg i Todalen. Den gongen meinte kommunestyret at gamalskulen burde lysast ut til sals på den opne marknaden, og slik blei det.
"No har Talgø-konsernet slik ein kan forstå funne andre løysingar, og ingen andre har lagt inn bod på eigedomen. Slik sett kan det vere greitt å sjå på saka på nytt, samt vurdere andre løysingar. Administrasjonen i Surnadal kommune understrekar at dei ikkje har nytte av skulebygget lenger", heiter det i sakspapira til formannskapsmøtet førstkomande tirsdag.
Der heiter det vidare: "I og med at interimstyret er breitt samansett frå Todalen og hevdar at dei har brei tilslutning i bygda, må ein velje å sjå på eit sal til dette prosjektet som ei løysing som er i tråd med folkeopinionen i Todalen. Dette sjølv om enkelte vil hevde at det allereie er nok forsamlingshus og møteplassar som må takast vare på i Todalen frå før".
Når det gjeld finansiering, så seier verditaksten at eigedomen har ein marknadsverdi på 350.000 kroner. Den har no lege ute til sals i snart eit år for 200.000 kroer utan å få tilslag. Ut frå eit ønskje om at Surnadal kommune ønskjer å kvitte seg med gamalskulen, meiner rådmannen at todalingane gjennom denne planlagde stiftinga kan få kjøpe gamalskulen for kr. 1,-.

.png)

