
Vil styrke språk- og leseferdigheitene
Kunnskapsløftet
Med Kunnskapsløftet (LK06) kom eit sterkare fokus på dei grunnleggjande ferdigheitene som viktige reiskap for læring og utvikling. Å lykkes med å meistre skriftspråket er viktig både for sjølvbilete og motivasjon for vidare fagleg utvikling. Forsking har vist at vi ikkje har lukkast i stor nok grad med å realisere dette idealet . Derfor ønskjer Surnadal kommune å styrke grunnskuleelevane sine språk – og leseferdigheiter, for slik å kunne delta i vidare utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.

Leseløftet
Leseløftet 2009 – 2012 er organisert med ei styringsgruppe som er samansett av lærarar, skuleleiarar og PPT. Gruppa la 09.06.10 ut til høyring eit forslag til Språk-, lese- og skriveplan for barnehagane og skulane i Surnadal kommune. I løpet av 2009/10 har 11 lærarar frå dei 7 skulane i Surnadal fått etter-/vidareutdanning frå Universitet i Oslo som lese- og skriverettleiarar, saman med dei 9 andre kommunane i Nettverk Nordmøre. Arbeidet med Leseløftet fortsett neste barnehage – og skuleår med å ta i bruk den nye Språk -, lese- og skriveplanen.

.png)

