
Vil ta tak i bru-problemet

Brøske hadde eit lesarinnlegg på Trollheimsporten 1. juli og i Driva måndag sist veke der han tok for seg problemet Øye bru for syklistar. Store gliper ved inngangen til brua på kvar side gjer det til ein risikosport å sykle på gang- og sykkelvegdelen av brua.
Som om ikkje det var nok, er det lagt på ryggar med asfalt inntil desse glipene, som berre forverrar situasjonen. Sjå lesarinnlegget her.
Onsdag 14. juli presenterte Driva redaksjonell sak på problemet både i papiravisa og nettutgåva. Les artikkelen på Driva.no.
Avisa har snakka med ordførar Mons Otnes, som fortel at Surnadal kommune har vore i kontakt med Vegvesenet gjentekne gonger for å klage på syklistane sine vegner, seinast sist veke.
- Kommunalsjef Inge Skogheim var i kontakt med Vegvesenet på nytt etter at lesarinnlegget stod på trykk. Vegvesenet har på si side varsla Kolo Veidekke. Det er dei som har kontrakt på vedlikehaldet langs fylkesvegen, fortel Otnes.

.png)

