
Ville finne slekta med Finn
Dette er noen av dei spørsmåla ein slektsgranskar stiller, og det var slike spørsmål Finn Karlsen kunne hjelpe oss med å finne svar på.
Mange av oss har eit sterkt ønske om å finne ut meir om kven vi er. Det er ikkje sikkert vi finn anene våre mellom storfolk, men det kan vere like interessant å finne ut meir om dei som levde i små kår, som var alminnelege menneske.
Og her fekk vi gode tips om kvar vi startar og i kva for kjelder vi kan søkje hjelp.
I tillegg til kyrkjebøker og folketellingar kan bygdebøker, skifteprotokollar, tinglysingsdokument, emigrantprotokollar, gravminne og kommunearkiv vere gode kjelder å leite i.
Finn Karlsen har lang erfaring med slektsgransking. Til dagleg arbeider han ved Statsarkivet i Trondheim. For ei tid sidan var han med i TV-programmet "Hvem tror du at du er?", der han hjelpte Bjarne Brøndbo med å søkje etter forfedrar. Her vart ein gammal skifteprotokoll ved Statsarkivet til stor hjelp.
Meir på Rindal Frivilligsentral si heimeside 

.png)

