![Molte, ny [1]](http://img7.custompublish.com/getfile.php/1202494.1537.urbysfstqx/690x0/4875470_1202494.jpg)
Vindøldalsvegen stengt på grunn av ras
Trollheimsporten har i kveld fått melding om at det har gått ras på Vindøldalsvegen. Tre familiar som har vore i Vindøldalen i helga må belage seg på å tilbringe enda ei natt på hytta, for vegen blir ikkje opna att før i morgon. Men det ligg ingen dramatikk i saka, ingen er blitt tekne av raset og ein har hatt kontakt med hyttebuarane som vil halde seg i ro inne i dalen til vegen blir opna i morgon.
Raset er vurdert til å vere 3-4 meter høgt og om lag 300 meter breidt og skal ha gått over vegen forholdsvis langt inn i Vindøldalen. Mikkelsen Maskin har vore der inne og vurdert raset, men vel ikkje å ta unødige sjansar og vil vente til dagslyset kjem før dei går laus på rasmassane med showel.
Det er god telefondekning i området og ein har hatt telefonforbindelse med dei innestengde, som må vente til i utpå dagen i morgon før dei kjem seg til bygds att.
Det er god telefondekning i området og ein har hatt telefonforbindelse med dei innestengde, som må vente til i utpå dagen i morgon før dei kjem seg til bygds att.

.png)

