
Vinnaren av Trollheimsporten-jakke er no klar!
Stadig fleire les Trollheimsporten på nett og stadig fleire følgjer oss på Facebook. For å vise at vi set pris på våre mange brukarar, varsla Trollheimsporten i byrjinga av mars at vi ville gi bort ein eksklusiv jakke og to t-skjorter - trekt ut blant våre tilhengarar på Facebook når vi passerte 1000 medlemmer. Responsen var overveldande og 1000 medlemmmer er for lengst passert. No har vi trekt ut vinnarane!

Vinnar av den eksklusive jakken vart Gøril Bakken frå Rindal, som kan ta kontakt med Trollheimsporten-redaktør Willy Karlstrøm for overrekking av premien.
Jakken er av merket New Wave og er laga av nylon og polyester. Den er svart, med brun foring innvendig, har høg krage, mange innvendige lommer, Trollheimsporten-logo på ryggen og er ein solid jakke som passar godt både for vinter- og sommarbruk.
Vinnarar av t-skjorter vart Einar Marius Lillegård, Trondheim og Gro Kåsmoli, Moss. Vi gratulerer vinnarane og takkar alle som støttar opp om Trollheimsporten, den stadig meir populære internettportalen for Rindal og Surnadal!
Trollheimsporten har no 1036 medlemmer på Facebook.

.png)

