IMGP0101

Vinne heile verda

Eg hadde preike i Øye kyrkje i dag, skriv Lene Gåsvatn til Trollheimsporten. - Den er såpass original at kanskje fleire enn kyrkjefolket kunne ha nytte av å lesa den. Les meir nedafor:
Mt.16, 24-27 – 11.07.10 i Øye kyrkje.


Det kan vera eg har vore i meste laget original i utforminga av preika. Her er det foreldrerolla som speglar seg i Jesus-ordet, - eller var det omvendt??!

Same gongen sa Jesus til disiplane: "Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort."

Høyrde de – dette er budskap til alle foreldre. Dette er ord som alle foreldre kan kjenne seg att i. Så er det mor og far som skal vera utgangspunkt for korleis eg legg ut Jesus-ordet i dag.

Kva er det å vera mor? Eller far?

Det fyrste som fell meg inn, er at det er aldeles fullstendig ansleis ifrå alt me kunne forestilt oss på førehand. Det er så enormt mykje meir velsigna herleg – og endå meir slitsamt og drygt enn me kunne drøymt om i våre verste mareritt.

Eg reknar med at de som er dåpsforeldre i dag veit alt om dette, og vit berre at eg har sagt det: Gledane og slitet blir ikkje mindre med åra. Slik er det nå berre med den saken.

Og dette å vera mor og far, dette at gledane er større enn me kunne drøymt om og at frustrasjonane glefsar etter oss når me er sprengfulle av hormonar og skrikande tomme for søvn og kvile – det er noko alle mødre og alle fedre veit alt om – kvar på sin måte.

Glede som er større enn slitet, velsignelse som går i pluss i forhold til problema … det er Guds rike. Slik det er å vera mor og far, slik er det i Guds rike òg: Så veldig mykje betre enn me kunne drøymt om – når me fyrst er komne der.
Vel blir me advart imot det som kan vera vondt og vanskeleg, men – det blir som med dette store og krevjande i å vera mor og far: Ja og amen, det er verd slitet!

Seie nei til seg sjølv, seier Jesus. Ja, dette veit alle foreldre alt om. Skrik barnet vårt, er det berre ein ting å gjera: Fornekte seg sjølv, fornekte sin eigen trong til søvn og kvile, strekke seg lengre enn ein visste ein kunne og gjera alt som står i vår makt for at barnet skal ha det bra. Slik er det berre.

Men fornekte seg sjølv for å fylgja Jesus? Setja sine eigne behov til sides for å fylgja han – og til og med ta opp sitt eige kors, slik Jesus tok sitt…?

Ja, det handlar om å satse, dette. Jesus ber oss om å satse på han – slik foreldre satsar på borna sine. Satse på meg, seier Jesus.

Og så seier han samtidig noko om kor enormt verdifulle me er: Me har ei sjel som han set høgt – og det skulle me òg gjera. Me har berre eit liv og ei sjel … kva er den vel ikkje verd i forhold til alt me strevar etter??

Så spør han, Jesus: Kva gagnar det vel ikkje eit menneske om han vinn heile verda, men tek skade på sjela si? Tenke seg til: Det me har i vårt indre, dette som blir kalla for sjel, denne delen av oss som er kontaktpunktet mellom Gud og oss, den er meir verd enn heile verda.

Eg må tilbake til situasjonen eg starta med: Foreldreskapet. Og eg veit at eg no talar på vegne av vanvittig mange, når eg seier at for foreldre er kvart einaste barn meir verd enn heile verda.

No set eg det veldig på spissen, men eg seier det lell: Kva gagnar det ei mor eller ein far å vinne heile verda om det blir til skade for barnet? Kva gagnar det? Og me veit det så vel, alle foreldre: Det gagnar ingen ting. Heile verda er ingen ting verd i bytte med vårt mest verdfulle, i bytte med barnet vårt.

Han skulle vita kva han talar om når han seier dette, Jesus. For han er sjølv barnet som er elska og velsigna av Far i himmelen. Han er sjølv barnet som blir født for å bli ofra og som blir knust til døden med den hensikt at

… at me skulle vinne heile verda? Nei, det var for lite. Han blir ofra og gitt for at me skulle vinne det beste som finst, det som berre Gud kunne laga til for oss: Tilgivelse for syndene og framtid i hans rike.

Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda men tek skade på sin sjel, spør Jesus. Spør Jesus – han som sjølv er det barnet som satsar alt på å vinne oss og gje oss det beste.

Så er det berre å seie det som det er: Skjønar du litt av kva Jesus gjer for deg, vil du for alt i verden ikkje at han skal sleppe taket i deg. Ikkje for alt i verden.

Ære til Gud Faderen som gjev oss Sonen sin og Anden som styrer sjela vår inn til kjærleikens sentrum. Amen.