Vømmølspelet, frå øvinga
No er det berre ein dag til Vømmølspelet skal framførast på Øvre Rindal skule, av elevane der. Her kjem nokre bilde frå øvinga 13. juni:

Ane og Johan Møkkerbakken.
Framsyningane på Øvre Rindal skule blir slik:
Torsdag 14. juni kl. 19.00 med matsalg i pausen og mulegheiter for
å sjå utstillinga vår med Vømmølfigurar, og elevarbeid om temaet
"Rindal kommune 150 år".
Fredag 15. juni kl. 10.30 i samband med åpen dag ved skulen.
Matsalg og utstilling også her.
Tirsdag 19. juni kl. 11.30. Vi har utstilling denne dagen òg,
men ikkje matsalg. 5.-7. trinn ved Rindal skole er inviterte som publikum,
men vi har mange ledige plassar for det!
Elevane ønskjer at nokon kan kome og filme spelet vårt under
ei av framsyningane, sånn at de kan få DVD-ar av spelet etterpå...
- ER DET KANSKJE EIN AV LESARANE SOM KAN STILLE MED VIDEOKAMERA?
(Tekst/foto: Irene Trønsdal)

Vømmølfigurar.

"Spæll åt me."

Glimt frå øvinga onsdag 13. juni.

.png)

