John Ole Aspli_200x266

Vurderer bompengar for fylkesveg 65

Ordførarane Mons Otnes (Surnadal), John Ole Aspli (Rindal, bildet), Ola Rognskog (Halsa), Ivar Syrstad (Meldal) og Gunnar Hoff Lysholm (Orkdal) vurderer bompengar for å ruste opp fylkesveg 65 frå Betna via Surnadal og Rindal til Fannrem. Flaskehalsane på strekninga er først og fremst mellom Bøverfjord og Heggset, Åsskard-Settemsdal, Bøverfjord Bele, ved Røv og ved Holtebrua på Løfall.

Tidens Krav skriv i si papirutgåve i dag, fredag, at dei fem kommunane vil opprette ei prosjektgruppe for å få fortgang i arbeidet med å utbetre fylkesveg 65. Kvar av kommunane blir bedt om å bidra med 50.000 kroner til å finansiere gruppa sitt arbeid, og dei vil også be Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar om å bidra med 50.000 kroner kvar samt ha sine representantar i prosjektgruppa.

Problemet i forhold til utbetring av den 108 kilometer lange strekninga, er at dei to fylka har bunde opp så godt som alle midlar til vegutbygging for fleire år framover. Mange prosjekt står i kø, og skal riksveg 65 kome i betraktning i framtidige handlingsplaner, må utbetringane vere planlagt og kostnadsutrekna, skriv Tidens Krav.

Det er i det perspektivet at ordførarane har signalisert at dei om naudsynt ikkje avviser tanken om at enkelte parsellar må vurderast delfinansiert med bompengar.