
Zumba-stemning i Surnadal
Zumba Fitness har henta inspirasjon frå den tradisjonelle musikken cumbia, salsa, samba og merengue, kombinert med dei pulserande latinorytmene.

- Du får gode resultat: Slankare midje, strammare rumpe og meir markerte armer. Men best av alt: Det er gøy, fortel daglig leiar ved Surnadal Velværesenter, Ann Kristin N. Bruset, på bildet saman med instruktør Thatianny da Silva (15 år), som opprinneleg er frå Brasil. Ho oppfordra alle dei rundt 25 dansarane som møtte opp i løpet av helga, om å gløyme alt og berre ha det gøy med dansen.
- Alle som deltok fekk verkeleg oppleve at dans er ei treningsform som verkelig "tar", ein kjenner det i kropp og sjel veka etter, seier Ann Kristin. Surnadal Velværesenter arrangerer nytt kurs 29. og 30.mai. Det er ope for alle og koster 350 kroner.
Surnadal Velværesenter er medlem av Trollheimsporten. Ønsker du å delta i Trollheimsporten med di bedrift? Klikk her for å bli medlem. Eller er du medlem av ein organisasjon eller eit lag eller liknande som har si verksemd i Rindal eller Surnadal? Nytt da høvet til å marknadsføre verksemda gjennom Trollheimsporten! Bli medlem!

.png)

