bonkers_200x273

Arkivdykk i det nordmørske musikklivet

70-talet, rock og Bonkers

Trollheimsporten presenterer med jamne mellomrom utdrag frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik side om det nordmørske musikklivet. Det var eit blomstrande musikkliv ved Valsøyfjord Sentralskule (Valsøyfjord Skule) på starten av 1970-talet. Det ga inspirasjon til mange aktivitetar, mellom anna Club74, Viseklubben, konsertar og dans i Folkets Hus på Enge - og ikkje minst til oppstart av bandet Bonkers. Frå venstre på plakaten: Tove Glærum (keyboard, song), bak Magne Gillebo (gitar, song), Stein Glærum (bass, song) og Einar Botten (trommer, song).

Bonkers vart starta i 1975 av Magne Gillebo, Tove Glærum, Stein Glærum, Ole Johan Botten og Einar Botten. I starten øvde bandet på Valsøyfjord Sentralskule, men da sommarferien byrja måtte dei ha ein annan plass, og "Smiå" på Valsøybotn vart løysinga. Bandet øvde i andreetasjen, den tidlegare matsalen til Botten Bruk. Førsteetasjen var støypt i betong. Det var slik namnet Bonkers dukka opp, og den første tida var det øving annakvar dag klokka 18.

Den aller første spelejobben var ein ungdomskveld i "Bommå" på Henda. Etter kvart deltok dei også i "Fylkesmesterskapet for Band" som vart arrangert i Kristiansund, med ein respektabel tredjeplass som resultat.

På første spelejobb var det skulebussen som gjorde nytte som bandbuss. Ein gong prøvepakka dei utstyret i bussen på torsdag, for så å ta det ut att med ein gong. Ein måtte jo vere sikker på at det gikk bra på fredag...

Etter avslutta ungdomsskule vart medlemane spreidd og i 1977 vart gruppa oppløst, men det ble ei gjenforeining på Plekterfesten i 2007.

Les meir og sjå fleire bilder på Plekterfesten.no. Der finn du også ei stor oversikt med presentasjonar med tekst, bilder, plakatar og lydfiler av andre lokale orkester frå 1950/60-talet og fram til i dag.