Dialektmagasinet går i reprise på Trollheimsporten og du finner alt stoffet under Dialekt på Hovedsida. I Surnadal har Sverre Hatle i Surnadal Heimbygdlag prosjektet Ordliste over Surnadalamålet i gang.
I dag startar vi med
Binn/ullbinn 07.03.2008
- Kommentarar til Anne Skjølsvold sitt innlegg om plantenamn m.m.:
Binn/ullbinn er skjerf. Bessmor mi frå Bokt'n bruka det ordet.
Så var det planta løåblinn. Naboen min, da eg var ungen, kalla geiteramsen lubreng. Ho plukka lubreng og ha oppi garden til grisen. Om det var til mat eller trøysomheit for grisen, veit eg ikkje.
Hilsen Ragnhild Stavne Bolme
Bidrag til dialektsida 08.03.2008
Eg er ein utflytta rindaling som ikkje har hatt fast adresse i Rindal på over femti år. Men, eg er så heldig at eg har hytte på heimplassen min som er Liset i Møkkelgardsgrenda i Lomunddalen. Dermed har eg fått mulegheit til å halde litt kontakt med heimtraktene mine.
Eg fekk eit tips frå min gode e-postvenn og slektning Åsmund Opøyen, om at eg måtte få med meg dialektsida i Trollheimsporten. (Pluss en gåte og innkomne forslag til svar)
Eg er ikkje dagleg innom der, eg må tilstå det. Men no har eg lesi meg opp på det som har stått der. Åsmund hadde rett: Der var mykje interessant, og der er og ein del ord som var ukjente for meg. Eg innbiller meg det kan kome av at det er skilnad på enkelte ord i øverbygda og nerbygda. Det går eit språkskilje om lag ved Holtbrua, trur eg. Ovafor brua har ein ord og ikkje minst uttale som er annsleis. Mest typisk er at vi ikkje har stj-lyden i ord som byrjar med sk som i regla: ”Skjora skjæt på skjorta mi i eldhusskjela på Skei”!
Eg har og samla ei liste med ord og uttrykk.(Link til doc. nederst på siden) Inspirasjon til lista fekk eg av dotra hans Åsmund, Ingfrid Opøyen. Ho har vori ein ivrig samlar av rindalsord, og hu burde ha presentert dei ho har på denne sida hos dykk. Eg tillet meg å sende dykk lista mi, og eg har prøvd å skrive orda med lydmålande bokstavar. Kor vellykka det er, veit eg ikkje. No skal vi ikkje tru at alle orda i denne lista – og i dei andre listene som har vorti presenterte er originale rindalsord. Mange finst i fleire bygdelag, også her i Malvik der eg til vanleg held hus.
Kanskje eg kan nemne at i årsskriftet 2007 for heimbygdlaget, heilt til slutt i artikkelen om Ungdomslaget Lomunda, er det tatt med ein liten epistel som eksempel på rindalsdialekta på tretti-talet.
Eg har og lyst til å kommentere noko av det som har stått på dialektsida:
1) I lista til Morten Svinsås, den 27.1. har han med ordet ”lonfengt” Det var artig å bli mint på det ordet. Det er eit fint ord!. Eg har gått og smatta på det og kosa meg med det eit par dagar. Dersom de i redaksjonen skulle ha kåra f eks månadens ord, så tykkjer eg dette kjem høgt, ja.
2) Den 1.2. blir det presentert namn på fuglar, dyr og planter, blant dei ”vekkarre”. (Eg er ikkje stø på korleis ordet skal skrivast) Fekk lyst til å peike på at Ingebrikt Røen skriv om vekkarin i andre verset i Rørdalsvisa. Der heiter det:” … Litt krekling fanst på raddå, der det va tørt å bratt. Vekkarin satt på gaddå å hogd så føsken datt”.
3) Ragnhild Stavne Bolme kjem med eit ordtak etter Gunnar Børset: ”Det e flær dåggå auster”. Eg har ein lokal variant som eg høyrde for snart seksti år sidan. Viss eg ikkje tek i miss så var det Alfred Skarset (Elshaug) som kom med visdomsordet. Vi heldt på med eit arbeid som vi hadde lyst til å bli ferdige med, men Alfred tykte vi stressa i meste laget, så han sa: Nei, no må dåkk slutt, det e da flær dåggå austa Garbergsfjellet”. Det tykte eg var godt sagt, og eg har prøvd å halde det i hevd!
4) Til slutt ei gåte: Kva e det som e ytest på havet?
Svar fra Gunnar Bureid: Ytest på havet er/(heng) gryta.
Svar fra Anne Skjølvold: Det er h-en og t-en som er ytest på havet.
Svar fra Ragnhild S. Bolme: Bøttknappen.
Vennleg helsing Joralf Halgunset
Lit om å nøn 08.03.2008
- Sitt du å nøne,du?
- Ja. Kenskje du vil ha du å?
- Nei takk. E he nønt, så no e e mett.
Å nøn er det same som å eta none. Dvs det måltidet som er/var brukeleg å eta kl 17.00.
Helsing frå Ingrid Løfaldli
Mer dialekt fra Anne Skjølvold 09.03.2008
Takk for tilbakemeldingar på siste innlegget mitt. Gåta er løyst, og så får vi håpe at tida snart er koma til at vi kan legge vekk oillbinde` ei stund, iallfall mea oss nøne.
Til Joralf Halgunsets gåte har eg eit forslag: Det er h-en og t-en som er ytest på havet.
(-Det er muleg at ein av dei er østest)
Men ein som har drukke seg sanselaus av alkohol er vel opprykar og ikke oppbrukar?
Eit par spørsmål i dag òg:
- “Gjøm og hald att” er ein leik dei fleste kjenner, men kva er “Ku og bjønn”?
- Ein annan leik er “Å spøtt kul”. Korleis foregår det?
- Har nokon høyrt om ei barneleike som er kalla bænhårr (beinhorra eller beinhurra)
Kva er det?
Eit par barnevers eg har lært av min gamle svigerfar som snart blir 93 år.
(elling)
Æppel, pæppel, pirom-parom
Kråka satt på lirom-larom
Ho sa æn, ho sa to
-ute skal du være no.
Ei anna reggel så du for eksempel kan si åt æn oinne så he rolla å slie se fær å få`n te å slutt å jæp:
Høna mæg, hanin skjæt
kjuklengain krætta småe bætta
Salte` hit og mjøle`dit
Og bli du ittj go` att test emårgå
Ska oss slå ut æn stor, stor skjit.
Ei kveldsbønn te slutt:
“Gut, bøye mett onge jærte tel æn sainn guss`frøkt.
Ammen”
Opprykar/ åtrykar 09.03.2008
Anne komenterer opprykar og oppbrukar. Oppbrukar er ukjent for meg, men kan være en variant av opprykar.
Ein opprykar er etter mi oppfatning ein som har "råkkje opp",- gått falitt/konkurs(å rykopp = gå konkurs). Ein åtrykar er etter mi oppfating ein som "ha råkkje åt". Å " rykåt" blir å drikke alkohol til ein sovner og blir liggende å sove ut rusen.
Dialekt er mangfoldig og har tildes svært lokale varianter "i tid og rom". Det derfor vanskelig å si at noe er mere rett enn det andre. Presiserer derfor at overfor nevnte tolkning ikke nødvendivis er mere rett enn noe annet.
Et uttrykk som dukket opp her om dagen;- "Ol Perså-dag". Jeg tror det har et utspring i en viss Ole Pedersen som det ofte "fasjlast" for. Ein "Ol Perså-dag" blir da en dag da det meste går på tverske;- "æn dag det ha vårre lik gått å hilleopp å ståttopp...,,". Jeg tror dette er noe jeg hørte på Ranes da jeg flyttet dit først på 70-tallet, og kan være lokalt derfra, men kan være like gjerne være noe jeg har med meg fra Rindal. Det kunne vært interessant om noen andre har noe om dette uttrykket.
Lars Gudmund Røen
Ol Persåtin/Ol Pålsåtin 09.03.2008
Eg kjenner berre uttrykket Ol Pålsåtin og eg oppfattar det som for riktig lenge sidan. Kan sitera frå ein prolog av Ingebrigt Røen frå eit vevkurs i Rindala, kanskje sist i 1930-åra:
E Gammel-Ol Pålsåtin va dæm vel døkti, færr folkje va gjerau attåt dæm va kløkti. Å sjølbærga va dæm på all sett å vis, dæm kjøft itt ti ku å dæm kjøft itt ti gris.
Mvh Ragnhild Stavne Bolme
Mer om bøttknappen 10.03.2008
Edgar Kattem skriver: Det vekte gamle minner da jeg leste gåta (rakkelspørsmål) som Joralf Halgunset kom med. Denne kjente jeg att. Det er rett som Ragnhild Stavne Bolme skriver at det er bøttknappen som er "ytest på hava". Jeg mener å minnes at det vart sagt "ytest e hava", men der skal jeg ikke garantere hukommelsen min.
Så litt om ordet bøttknapp. De fleste har vel sett ei gammeldags trebøtte, laget av staver (samme prinsipp som ei tønne). To av disse stavene var lenger enn de andre, og denne forlengelsen av de to stavene var ørene på bøtta, der havet (hanken) var festa. I disse ørene var det boret hull. Havet var av bøyd tre, og det var boret hull i havet, på kvar ende. Når havet vart sett på plass, vart en trenagle plassert gjennom hullene i havet og gjennom tilsvarende hull i ørene på bøtta. Dermed satt havet fast på bøtta.
Denne trenaglen var spikket av tre, og slik at det var et hau på eine enden, som på en nagle, eller spiker. På andre enden vart det boret et høl på tvers gjennom heile naglen, og en låsepinne vart slått inn. Dermed ble naglen holdt på plass. Denne naglen var det som var kalla en bøttknapp. (Er forresten ikke heilt sikker, var det heile naglen som var bøttknappen, eller var det berre hauet på naglen?)
'Men ordet bøttknapp hadde og ei anna betydning. Det var et klengenavn på gutonger i konfirmasjonsalderen (en nykonfirmant). Derfor var det brukvisen å stille dette rakkelspørsmålet til gutonger i den alderen. Jeg minnes at jeg sjøl fikk stilt dette spørsmålet av bestefar min på Kjerkholtbakken da jeg "gikk for presten".
Regglå frå Rindala 11.03.2008
Ragnhild Stavne Bolme er i dag innom og kommenterer om regler og leken "bænhårr":
Reggla hass Jo Innbrektslin finn eg i Årbok for Nordmøre museum 2003.
Den som står der er frå Kristiansund og er heilt lik.
Oppi Bokt'n, kring Holtbrua, hadde dei ein annan variant: Æppel pæppel
pirum parum, kråka satt på furrukvest. Ho sa ein, ho sa to, ute e du no.
I nedre delen av Bokta "ella" dei slik: Elle melle deg fortelle, skipet
går ut i år. Ri rang, ti spang, titt om pauk, - du e gauk.
Begge desse regglene var bruka i 1920-1930 åra.
Leika "bænhårr" har eg spekulert noko på. Har diskutert dette med folk,
og det var ein som meinte at ordet tyda på at dette var ei leike med
lyd. Da kom eg til å tenkje på at da eg sjølv var lita tok eg og tredde
ei snor gjennom to hol i ein stor knapp. Knytte saman dei to endane i
snora, snurra knappen rundt og drog att og fram i snora. Det vart da ein
summande lyd. I ei bok eg har om leiketradisjonar i Rogaland, fann eg ei
leke laga av eit lite bein i "grislabben" som det var bora to hol i og
tredd ei snor igjennom. I Rogaland vart denne leika kalla "snorlebein".
Er dette "bænhårr" i Rindala?
Bøttknappar og valsneiser 11.03.2008
Jostein Dønnem på Honnstad slenger seg med i dialektdansen, han óg - takk for det, Jostein!
- Les med stor interesse sida om Rindalsdialekta. Rett nok er eg surnadaling, så dette innspelet får komme frå sidelinja. (Sjølv om eg er født på den gamle fødestua på Rindal...)
Eit innspel om "bøttknapp": Slik eg har forstått dette frå gamle folk her, så er "bøttknappen" den knotten som havet/hanken på bøtta var festa i. Men denne låsepinnen som blir nemnt her, har eit eige namn i Surnadal: Det er ei "val-sneis" (uttala med tjukk l, og -snæs). Og unge gutar i oppveksten er bøttknappar, og tilsvarande vart like gamle jenter kalla val-sneiser. Dette er frå midtre Surnadal. Og eg forstår det ikkje slik at dette gjeld berre dei som går til konfirmantførebuing, men gutar og jenter som er i oppveksten, gjerne frå 10-12 år og oppover til 15-16. Dei som går for presten i lag, har ei anna nemning: Geil-kalvar. Er dette kjente uttrykk i Rindal?
Og så var det ganske tidleg i denne spalta, at ordet "frosk-spy" vart nemnt. At det er namnet på egg frå frosken, er eg heilt med på. Men her seier vi "lapp-spy". Vi har nemleg to ord - "lappe" som betyr frosk, og "grov" (uttalast gro-ov, med trykk på andre "o"-en) som betyr ei padde. Er desse nemningane kjent i dyrelivet i Rindal?
Plantenamn i Rindal 12.03.2008
Som utflytta surndaling (med aner frå Rindal!) på strilalandet er det med stor glede og interesse eg mest kvar dag er inne på Trollheimsporten for å halda meg oppdatert om kva som skjer på Nordmøre. Det er forvitneleg å følgja med på innlegga om rindalsdialekta, særskilt dei om plantenamna. I det høvet har eg eit par merknader.
Som både redaktøren og Ragnhild Stavne Bolme skriv, er løåblinn eit namn på geitrams. Eg har funne fram kva Ove Arbo Høeg skriv om geitramsen i Planter og tradisjon. Floraen i levende tale og tradisjon i Noreg 1925-1973. Høeg skriv mellom anna dette:
”Lu`blend, m., Sunndal, Surnadal (‹‹løåblinn; navnet, som synes å ha vært vel kjent I bygda, forklares som uttrykk for at frøullen setter seg i øynene på folk og gjør en blinn f. eks. når en kaster høyet inn på markaløa››), Oppdal (‹‹gammel namn som har som har holdt seg merkelig godt en variant er lubreng. Ola setrom bruker ordet i ‘Den raude logen’ om en rødhåret [person]: ‘Håret hans lyste raudt som lublenden i gråora ein augustdag’››), Orkdal (liublenn).”
I Anne Skjølsvold si liste frå boka til Eilert Moe er eit par trykkfeil. For myrlopp og løåblinn er det latinske artsnamnet i båe tilfelle skrive augustifolium. Det rette er angustifolium, som tyder ”med smale blad”.
Så eit spørsmål til slutt: Er det nokon i Rindal eller Surnadal som kjenner til lokale namn på vadefuglen raudstilk?
Mvh Leif Ragnar Fiske
Svar til Leif Ragnar Fiske 12.03.2008
Leif Ragnar Fiske etterlyser lokalt navn på rødstilk.
Har ikke brukt dette navnet selv, men har hørt noen kalle rødstilken for Kvækkartjeld.
Mvh Ola Bakken