dialekta

Fukje mjøl ... og litt anna

Det er Edgar Kattem som har en liten utlegning om ordet fukje på lista til Magnar Almberg. Trollheimsporten fortsetter sitt dialektmagasin og legger inn stoffet fra 2. februar 2008. Foruten Edgar kommenterer Anne Skjølsvold lista til Magnar fra i går, Ragnhild Stavne Bolme lurer på hva furulus er, Magnar Almber kommer med andre del av Rindalsdialekta og Ragnhild vart inspirert av Edgar sine namn på dyr og planter.

Trollheimsporten fortsetter sitt dialektmagasin med artiklene som sto på "gammel-Porten" 2. februar 2008. Du finner dem også på Dialekt på Hovedsida og om surnadalsmålet finner du alt om på heimesida til Surnadal kommune.

Fukje mjøl ... og litt anna
02.02.2008

Det er Edgar Kattem som har en liten utlegning om ordet fukje på lista til Magnar Almberg:

Ser at Anne Skjølsvold har svar på det meste av orda som Magnar Almberg har utfordra leserne med. Med unntak av ordet fukje, så da får jeg prøve etter beste evne å svare på det.
Når mjølet fukna - vart fukje - vart det ei ekkel lukt og dårlig smak av mjølet. Dette kunne hende etter ei tids lagring, ikke bare med mjøl, men med tørre kjeks, havregryn og andre mjøl- og kornprodukter. Kva som foråsaka dette kan jeg ikke forklare, andre veit sikkert meir om dette. Kanskje var det en form for muggsopp? Men dette er bare gjetning fra min side. Minnes i alle fall at bestefar åt mye havregryn bløtt i melk. Derfor hadde han oftest en pose havregryn stående bortpå setra. (I blå papirpose fra Verdal Mølle). Disse posene kunne bli ganske gamle, og bestefar var ofte spent på om havregryna var fukna når vi kom til setra. Dette var før datostemplingens tid, og bestefar var ikke redd for å innta litt gammel mat. Men fukna havregryn kasta han!
Oppbevaring av korn og mjøl var viktig før i tida. Jeg minnes "mjølkista" borti stabburet, og etter trøsking på garden vart kornet som skulle males til matmjøl båret inn i stabburet til forvaring før det vart sendt ned på "Rinn-kvenna" - Rindal Mølle - for maling. Der var kornet trygt for avåtet. Korn som skulle males til matmjøl skulle "bankast" to gonger for å få god kvalitet. Meir enn akkurat dette veit jeg ikke om akkurat det uttrykket, det får andre forklare.
Og da ranns det for meg ei historie jeg hørte fra en av mine mange gode naboer og sambygdinger da jeg bodde oppi Romundastadbygda, Otto Heggem. Otto skulle sende noen kornsekker ned til Rinn-kvenna for maling. De skulle sendes nedover med "mjøkbilen". Men Otto hadde glømt å sette på merkelapp på sekkene, og løsningen på det vart at "tømar'n" på mjøkbilen skulle skrive ut og knyte på merkelapp. Da mjølet kom att neste dag sto det skrevet på merkelappene: "Otto Heggem bankes to ganger". Da Otto fortalte dette slo han ut en skratt og sa: "F.. ta me, det ha ittj vårre så enkelt den tida det". Dette fortalte Otto til meg sjøl, så jeg kan borge for at historia vart fortalt slik.

Dialektorda hans Magnar
02.02.2008

I lista si over dialektord (fra 2.2.) hadde Magnar Almberg nederst noen som han utfordra leserne til å finne betydningen av. Anne Skjølsvold prøver seg:

Prøver meg på dialektorda hans Magnar, sjølv om eg ikkje er "innfødd"
 
Samalle er eg usikker på, men tippar det skal vere "samhaldet", som er øvste langstokken i tverrveggen på eit tømmerhus
Jælk er ein vallak, eller kastrert hest
Vekarre = hakkespett
Rempleng er ein stor kalv, kanskje årsgammel
Frøkjin kost er søt, og gjerne feit mat. 
Å kost tippar eg skal vere i eitt ord, åkost, som er jamning som du har i sausar og super for at dei skal få ein tjukkare konsistens.
Vemmelt = kvalmt
Fukje. Usikker her, men eg trur du blir fukjinn i moinna når du et heggbær, for eksempel
Tander. Viss det er verbet å tander (tandre) du meiner, betyr det vel skjennast eller bruke munn. Eks: "Ti still, no! Ittj stat son å tander !"
Mjenn - mjenna. Må melde pass her
Avåt er smågnagarar, mus og rotter
Åt er ei fellesbetegnelse for stikkande insekt; mygg, knott, klegg, blenning osv.
Svangain på kua og hesten t.d. er framom låra, der det svingar inn mot magen.
Hummulspota trur eg skal vere hummulsbota, som er det same som kalvbota (uttala kal-bota med tjukk l), - baksida av kneet, knehasen. Her i huset seier dei kalbota.
 
Vart det mang rett?

Furulus og langkakkspove
02.02.2008

Ragnhild Stavne Bolme lurer på hva furulus er. Dette er fuglekonge, Norges minste fugl.
Edgar Kattem skriver at langkakkspove er gluttsnipe (eller småspove). Jeg har iallefall brukt dette ordet om spoven, men det kan jo selvfølgelig være feil. Tror heller ordet for gluttsnipe skal være klyvi, men dette kan selvfølgelig også være feil, da undertegnede bare er en ungfole i denne dialektdiskusjonen, skriver Ola Bakken.

Rindalsdialekta (2)
02.02.2008

Her kjem andre del av innlegget frå Magnar Almberg om rindalsord og -uttrykk:

Morten Svinsås har ei lang liste med ord:
"Velhamsa" meiner eg at var bruka om store sterke, godt bygde mannfolk.
"Attluggu"  det er ein åker som er isådd, det meste av jorda var åpen åker isådd med korn, men     når det var isådd med grasfrø for at det skulle haustast gras, vart det kalla ei "attluggu", det vil seia at åkeren er "attlagt".
"Amplaus" fri for plikter.
"Håvåll" skriv ein ordet slik så er det ein del på ein vevstol, men den forklaringa som Morten har er at det er tida mellom våronn og slåttonn, da er det rette namnet:"håbbåill", håbalen som det står i Nynorsk ordbok.
"Kakmjøk" dette er vel rett tydinga men eg hadde velt å skrive "kakmauk"
"Stråkkå føttå" betyr att noko kjem på rekke og rad. Til dømes: Kyrne kjem etter kvarandre.
"Snelengsnør" her trur eg det skal vera "snerleng" slik har eg høyrt det, elles er tydinga rett.
"Foill kjell" tydinga er nok rett men eg har vanskeleg for å seia dette med tjukke l-er.
"Gått om håll" her meiner eg tydinga er: at til dømes kua er velfødd.
"Bekkvogn" det er rett som Morten sier, men ei bekkvogn har tipp og var bruka til mange ting.
"Dråk" det er jente. Fleirtal drek. Men det kunne og vera ei gammel dråk, d.v.s. ei ugift kvinne.
"Mekveldskaffe" her trur eg heller det måltidet var i 7 tida om kvelden. Midtkvelds altså.
"Krobb" her antek eg at tydinga er rett bortsett frå ein trykkfeil. Det skal vera "tjoning," å ha mat til dyra i.


Til Ingrid R. Haltli.
"Snøple" her meiner eg at det bety: det er vel lite,t.d. Blussinn din e vel snøplin, det tyt da ut både her og der.
"Melesin" er ukjent for meg, i nerbygda var det medesin.

Even Svanem nemner "uti dørn" vanleg tale om gangen, oppå "døralofta" vart da oppå lofta.
Så va det "Stakkalonga"  vanleg bruka om gutar frå tolvårsalderen og oppover. Eg trur det var meint at dei var ikkje fulle arbeidskarar enda, for når dei vart det var dei "Stakkalla".
Dette uttrykket var bruka i nerbygda.

Tilslutt vil eg koma med nokre ord som dåkk kan spekuler litt på:
 
Smalle    ordet uttales med tjukke l-er
Jælk
Vekarre
Rempleng
 
Frøkjin  (frøkje)
Å kost
Vemmelt
Fukje
 
Tander
Mjenn---- mjenna
 
Avåt og Åt - kva er forskjellen?
 
Svangainn
Hummulspota

Namn på planter og dyr
02.02.2008

Ragnhild Stavne Bolme skriv: Eg vart inspirert av ordlista til Edgar og sette meg ned og pressa minnet mitt. Kom fram til ei lita liste eg og, men Edgar har kanskje det meste av dette på lager.

Planteriket:
Lubreng - geiterams
Blåbokk - fioler
Myrber - molte
Skreddar - jonsokkoll
Penggras - pengeurt
Syrgras - engsyre
Leirblåkka - dei store blada til gollhauken som kjem tidleg om våren
(leirfivel)
Musætter - fuglevikke
Pessravall - krekling

Fuglar:
Skjøttutrast - gråtrast
Tommelittinj - gjerdesmett
Furrulus. Dette lokalnamnet er eg usikker på. Er det nokon som veit kva
for fugl dette er?

Insekt:
Vårhærreku - det som blir kalla marihøne. (Raud med svarte prikkar.)
Måttmarihøn - stadiet etter at måtten er utvikla. (Hovedingrediensen i
"måttkulene" er Naftalin. Dei er å få kjøpt i dag også.)

Har du kommentarer - kontakt Trollheimsporten på redaktor@trollheimsporten.no.