Nils Røen (t

Fulgte ivrig med på Vårtreffet

Nils Røen var kunde hos Nils Moen og Eik da landbruksmaskinsenteret i si tid starta opp. Pensjonisten var blant dei mange som fulgte ivrig med på det nye som er kome på marknaden, da Eik Senteret Surnadal i dag, fredag, arrangerte Vårtreff.

Området rundt Eik-butikken i Industrivegen var fylt med det meste som kan tenkast av landbruksutstyr.

Mange hadde da også teke turen i godveret for å sjå på nye traktorar og anna utstyr, få servert lapskaus og ta ein prat med kjenningar.

Petter Farstad frå Farstad i Fræna driv eit av dei største gardsbruka i fylket. Han hadde reist til Surnadal for å sjå om det var noko nytt og aktuelt som var nyttig å investere i, før han drog vidare på slektsbesøk i Rindal.

- Vi driv med mjølk, korn og kjøt. Etter kvart som drifta blir større, treng vi større utstyr. Vi får sjå om det blir eit kjøp i dag, seier Farstad til sin gode kjenning Hallvard Husby, som var med og starta Eik-senteret i Surnadal for snart 25 år sidan.

Det blir Vårtreff hos Trollheimsporten-medlem Eik Senteret Surnadal også laurdag.

Vårtreff-tilboda kan du lese her.