Søndag
Søndag Delvis skyet
Delvis skyet
Svak vind
Mandag
Mandag Regn
Regn
Flau vind
Landsskytterstevnet Steinkjer 1988 Asbjørn og Jostein Helgetun og Lars Moe_1024x1424

Willys arkivdykk 161

Landsskyttarstemnet 1987

- Sjøl om konkurransane og skytingane er viktig under eit Landsskyttarstemne, set dei fleste av dei vel 6700 skyttarane kanskje like mykje pris på det sosiale og miljømessige blant dei. Det skreiv Willy da han var på sitt første store oppdrag som sportsjournalist for avisa Sør-Trøndelag i august 1987. Arkivdykket denne gongen er ein reportasje frå dette landsskyttarstemnet, der Asbjørn Helgetun i Rindal skytterlag hadde med seg rekruttane Jostein Helgetun og Lars Moe.

Her møter ein kjentfolk frå stemne tidlegare år og alle blir som ein stor familie. Reportasjen kan du lese sjøl - startar over og fortset under. Nederst Asbjørn Helgetun, saman med to rekruttar frå Rindal, Jostein Helgetun (til venstre) og Larsv Moe.

Kos deg med arkivdykket. Har du kommentarar eller noko du vil fortelle omkring dette arkivdykket fra Willy - bruk: redaktor@trollheimsporten.no og del det med alle på Trollheimsporten.

Willys arkivdykk er bildeglimt, reportasjar og avisstoff fra eit mangslungent og omfattande bilde-, film- og klipparkiv til Willy Karlstrøm i Trollheimsporten. Willys arkivdykk finn du under På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida på Trollheimsporten. Alle arkivdykk er tilgjengelege på Willys arkivdykk, Willys arkivdykk 1, Willys arkivdykk 2, Willys arkivdykk 3 og Willys arkivdykk 4 - der du finn dette stoffet. I tillegg finn du mykje anna godt stoff under På Porten - blant anna frå Edgar Kattem, Edgar Landsems utklipp fra Øvre Sæter Camping og Harald Solvik (dei siste to under Willys arkivdykk).