Når skodda lettar
Tidlege morgontimar etter ei kald natt, akkurat i det skodda lettar, kan vere ei fin tid å vere ute med kameraet i. Akkurat idet sola trenger igjennom og skodda lettar og forsvinn som dogg for sol, bokstaveleg tala. Sjå bilde frå Rindal ein slik morgon
Heimistukvigene hutrar litt i morgonskodda. Det er like før sola får overtaket.
Bokta dukkar fram under skoddedottane
Badeplassen ved Igltjønna ligg stille og forlatt
Badesesongen er definitivt over for i år
Og vi kan nynne med Kirsti Sparboe: "En sommer er over, men minnene om den består..."
Anne S.
Fleire av Anne S' bilde finn du under "På porten" og vidare på AnneS bilder