Medium_toril4(1)

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 – januar

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag startar vi med januar, månaden der Torill Moe (bildet) si CD-lansering var ei av hendingane.

JANUAR 2010

Surnadal IL og IK Rindals-Troll samarbeidde om å arrangere norgescup for juniorar på Nordmarka skisenter i Surnadal. Sprengkulda la seg som ei streng, klam hand over distriktet i januar og alle renn måtte avlysast. Dette kan du lese meir om her.

Da det 7. januar var 22 minusgrader og vind, fann heller ikkje alpinanlegget i Sæterlia det forsvarleg å halde ope.

Jan-Ove Øigård har teikna ein leikepark av røyr i Svartvassområdet. Tanken er at parken skal stå ferdig samtidig som området blir bebygd, kunne Trollheimsporten melde 5. januar.

Surnadal kommune inngikk marknadsavtale med Trollheimsporten.

Aldri før har så mange sett film på kinoen Kammerset i Surnadal Kulturhus. Det viste oversikta som kinosjef Pål Norman presentere for 2009. Det samla besøket ved kinoen var på 11.714 i 2009, og billettinntektene var på 758.190 kroner.

Surnadal Sparebank arrangerte næringslivsdag med tema ”Indre Nordmøre - midt i mulighetene”. Karita Bekkemellem, Rolf Mæle, Tasawer ”Tommy” Sharif, Ingvar Sæther, Jenny Klinge og Allan Troelsen var blant foredragshaldarane.

Både Surnadal, Rindal og Halsa signerte partnerskapsavtale med Surnadal vidaregåande skule, som faktisk gjorde det best av alle skular i fjor, dersom ein legg fullført-tala til grunn.

Surnadalingen Torill Moe (bilde nr. 1) lanserte sin nye CD med fleire konsertar i distriktet.

Fellesrådet i Surnadal fekk ikkje endane til å møtast. Trong økonomi gjorde at dei vedtok å stengje Ranes kyrkje for resten av året dersom det ikkje vart tilført meir pengar til å drifte kyrkjene i kommunen.

Bøndene i Surnadal opplevde store sauetap. Jerv var syndaren. I Rindal tok gaupa meir enn dobbelt så mange sau som jerven i fjor.

Svorka Aksess fekk ny leiar da Håkon Solvik (bilde nr. 2) frå Rindal tok over etter Roald Boge, som på si side vart tilsett som ny dagleg leiar i Amfi Kreativ AS. Skialpinistane arrangerte Skandinavisk meisterskap på Kårvatn i Todalen.