Kyrkjeblad logo_700x340

Nytt Kyrkjeblad

Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal gir saman med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre ut Kyrkjeblad for indre Nordmøre. Alle husstandane har fått det i postkassane sine i denne veka. For deg som bur utanom distribusjonsområdet - eller ikkje finn att bladet - ligg det nedlastbart på nettsida til kirka i Rindal og Surnadal!

 

Kjenner du nokon som bur utanfor distribusjonsområdet, så kan desse også få tilsendt bladet i posten. Send epost til kyrkjeblad@gmail.com.

 

Kontingenten er frivillig for alle, men bladet er avhengig av denne sidan det er einaste inntekta utanom nokre takkoffer! (gironr.4050.40.46232)

 

I dette nummeret merker vi oss spesielt artikkelen på sistesida. Det er Gullaug Lereim Dybdahl frå Trondheim som skriv om eit 70-årsminne. Det er i år 70 år sidan kirkekampen i 1942 til 1945. Far hennar var prest i Surnadal frå 1934 til 1952. I 1942 la han, i lag med dei fleste andre prestane, ned den statlege delen av embetet sitt. Dermed fekk han heller ikkje lønn. Les om korleis dette ordna seg i Kyrkjebladet!