Søndag
Søndag Delvis skyet
Delvis skyet
Svak vind
Mandag
Mandag Lette regnbyger
Lette regnbyger
Flau vind
Rindal fra lufta A0001_1024x801

Willys arkivdykk 93 - bustadfelta i Rindal blant furutre og småskog

Rindal og Surnadal frå lufta

Laurdag 10. august 1985 starta Driva ein serie med bilder tatt frå lufta i Rindal og Surnadal. Motiva var henta frå Rindal sentrum og omkringliggande bustadfelt, Røv, Skei sentrum, Grytåfeltet og Grimsmomarka i Surnadal og Surnadalsøra. Den førse artikkelen og dei første bilda ser du her frå Vestre og Nordre bustadfelt nord og vest for Rindal sentrum.

Over første del av artikkelen med bilde frå Vestre (Rindal skule til venstre). Under andre del frå Nordre med teksta og nederst to bilder: Rindal sentrum sett frå sør og Rindal sentrum med skulen og grusbanen - før Rindalshuset si tid.

Denne fotograferinga måtte godkjennast av Forsvarets Overkommando - Sikkerhetsstaben. Det var andre tider midt i den kalde krigen. Bilda er tatt frå ein to--seter Cessna 150, småflyet som Georg O. Fiske leigde denne sommaren i 1985.

Willys arkivdykk finner du ved å klikke på linken og Willys arkivdykk 1 ligger her. Willys arkivdykk 2, der du finner dette stoffet, ligger her. Du finner linker til mye godt arkivstoff på Trollheimsporten ved å klikke på På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida på den raude.

Er det nokon som har kommentarar til dette arkivdykket, er det berre å bruke: redaktor@trollheimsporten.no.