Roald Øyen, barnebilde_250x343

Rindalingen Roald Øyen

I serien om kjendisar med rindalsblod i årene presenterer vi i dag TV-kjendisen Roald Øyen, kanskje mest kjent for sine program med jule- og påskenøtter på fjernsynet. Roald Øyen har både etternamn og farsslekta si frå Rindal og var på mange ferieopphald her i barndommen.

 

Farfar til Roald Øyen heitte Mikkel Evenson Øyen og hadde garden Nedre Øyen,
(i dagleg tale Øya),  i Løfall ein 10 års tid frå 1891 til 1910.
Mikkel Evensen gjekk underoffiserskulen og vart gift med Amalie Slåtteli frå Nord-Trøndelag. Even Mikkelsen arbeidde seinare på Rena Bruk før han flytta til Oslo med familien. Paret hadde to barn:

Hjørdis f. 1903 og  
Øyvind f. 1905 (far til Roald Øyen)

.

 

Øyvind Øyen (1905-1994) var skodespelar på 
Det Norske Teater og er også kjent frå Spelet om heilag Olav på Stiklestad.


Øyvind Øyen vart gift med Maj Nielsen Sæther, og dei har barna

 

 

Roald f. 1940    

Gard f. 1943

Liv Torill f. 1945

Øyvind Jardar f. 1947 

 

 

 

 

Bildet til høgre viser Roald Øyen på Bruholten i Rindal sommaren 1943.

 

 

 

Alle desse fire søskena har valt yrke innafor teater eller fjernsyn, Gard og Liv Toril har skodespelarutdaning, Gard er skodepelar på Oslo Nye Teater, Torill er skodespelar og teaterpedag og Jardar arbeider som producar. Han var mellom anna Line Producar i NRK- serien Berlinerpoplene. Roald  har vore tilsett i NRK.

 

 

Under krigen og også seinare var familien Øyen på mange ferieopphald i Rindal.

 

 

Under ser du eit utklipp frå bladet Matglede frå jula 1994, der Roald Øyen minnest "kålrotslang" i Rindal i barndommen. Roald Øyen er gift med Nina Bugge Øyen.

 

 

 

 

Nina og Roald Øyen velger seg "månedens grønnsak": kålrot

   

"-Da vi var nygifte tok Roald gjerne med seg   kålrotskiver som sengekos
om kvelden. Jeg syntes ikke det var så veldig festlig å høre på "knaskingen".

Men så gikk det for langt
Jeg ba mannen velge kålrot eller meg. En dristig utfordring, selvfølgelig, men det gikk jo bra.

Hjertelig latter fra begge

Roald forteller om barndom og ungdom hos familien i Rindalen.
  Der gikk man ikke på epleslang. Det var kålrot og turnips som lokket.
-  En "forbudt" tur i åkeren hørte med."

 

 

 

"Skuespiller Øyvind Øyen I Rindal sommerferien 1937"