Gamle skjellsord i PDF-format
Skjellsord i Rindalsmålet
Skjellsord på dialekt er mindre i bruk no enn før. På facebookgruppa "Gamle ord og uttrykk fra Rindal" har det vore diskusjon rundt gamle skjellsord i den seinare tida. I 1993 laga Jo Skjølsvold ei opptegning av gamle skjellsord frå rindalsmålet. No har han skanna skjellsordsamlinga til PDF-format.
Boka "Syn-ergi" fra 2001, redigert av Unni Irmelin Kvam, inneheld ein artikkel av Tor Erik Jenstad, der han brukar skjellsordsamlinga til Jo Skjølsvold som grunnlag. Denne boka er ei samling av rindalsrelaterte artiklar. Artikkelforfattarane er Tor Erik Jenstad, Magne Bolme, Bodil Børset, Inger Marie Kimo, Unni Irmelin Kvam, Edel Maria Landsem, Marit Løfaldli og Tora F. Olsen. Boka er framleis å få kjøpt på Rindal Skimuseum.
Boka Syn-ergi er rimeleg til salgs på Rindal Skimuseum (kr 30,-)
Jo Skjølsvold samla inn skjellsorda til ein norskoppgave på Nesna lærarhøgskole i 1993. Dei viktigaste bidragsytarane var Arne Aune og Gunvor og Ola Løfaldli.
Last ned heile skjellsordsamlinga i PDF-format her: Skjellsord i rindalsmålet.
Artikkelen blir lagra på denne sida på Trollheimsporten: På porten:Dialekt.
Her finn du ein del eldre artiklar om rindalsdialekta.