Surnadalsspeidere-1_700x467

Speidarar frå Surnadal - her er namna!

Trollheimsporten sin medarbeidar Edgar Kattem presentere 16.mai gamle speidar-bilete frå Surnadal, og etterlyste namna på speidarane. No har vi fått hjelp frå Brit Lorentsen, og kan dermed presentere namna her!  

Speidarane frå Surnadal er fotografert på troppa til Surnadal kommune ein 17.mai, truleg ein gong på slutten av 1950-talet. - Det er to bilete eg vart bedt om å kopiere for ein kjenning i Surnadal den gongen jeg arbeidde for Tidens Krav. Og det er omkring 25 år sidan, fortel Kattem.

Brit Lorentsen (født Vaseng) har hjelpt oss med namna. Jentespeidarane er nemnt med pikenamn: Foran troppa f.v. Liv Inger Sæter, Anna Sandnes og Berta Grimsmo. Første trinn f.v. Anne Mari Sveen, Aslaug Sæter, Randi Tjelle, Karin Gustavsen, Åse Melling og Oddbjørg Sveen. Andre trinn f.v. Brit Heggset, Ingeborg Grimsmo, Borgny Hagen, Brit Vaseng og Liv Brøske. Bakerste rekkje f.v. Aud Bergheim, Inger Marie Sæter og Berta Bergheim.                                      

Gutespeidarane. Foran troppa f.v. Sverre Drøpping og Nils Aalmo. Første trinn f.v. Svein Garte, Peder Moe, Endre Grimsmo, Olav Hagen, Lars Aalmo og Arnfinn Sæter. Andre trinn f.v. Einar Grønset, Jon Einar Botten, Bjarne Brøske, Petter Tjelle, Magne Evensen og Anton Sveen. Bakerste rekkje f.v. Kristian Sæter, Lars Harald Heggset og Reidar Tjelle. 

Sjå bilda større, last ned her: Jentespeiderne,  guttespeiderne