julekalender

Trollheimsportens julekalender

No er det tid for julekalendermorro på Trollheimsporten igjen! Lørdag 1. desember kan du «opne» den første luka! Så blir det ei luke å opne kvar dag fram til juleaftan med spørsmål som du kan sende inn svar på. I år har vi satsa på spørsmål om namn på nokre av dei mange medlemsbedriftane Trollheimsporten har rundt om i Rindal og Surnadal, "Kva heiter bedrifta?"

julekalender
I morgon kan du gjere deg klar! Konkurransesida kan du nå frå kl.00:00 til 22:00. Da blir det trekning, og vinnaren blir gjort kjent i lag med nytt spørsmål neste dag.

I år har vi berre ein premie kvar dag. Dersom det er nokon som ikkje har blitt spurt om gavepremie og som har lyst til å delta med premiering, så send tilbudet ditt til ole@trollheimsporten.no! Da kan det bli fleire premiar når det nærmer seg jul! På førehand, mange takk.

Trollheimsporten ønsker dykk velkomne til denne enkle konkurransen! Hjelp til å finne rett svar kan du finne ved å sjå på nettsidene til medlemmene våre!