IMGP1980

Oval helgatur

Det var nokon som tjuvstarta vinterferien og drog til Napoliområdet. Vi deler nokre av opplevelsene med Trollheimsporten. Med tett program over kort tid kjem reisebrevet frå NSBs regiontog i Gudbrandsdalen!

«Vi», er altså Kjellaug og Ole Trygve Foseide, som har hatt ei oval helg i Italia. Hadde vi ikkje hatt deltakarar som vart oppdatert heimafrå, hadde vi ikkje visst om anna gull og sølv enn det vi fekk påpeika av gaidane våre. Vi gjev dokk nokre korte glimt frå turen. Roma er ei klar kjempeoppleving. Kastar du mynt bakover skudra di i Trevifontena, kjem du dit att. Det gjorde vi no, som vi gjorde første gongen vi var der. Nytt for oss, og sterkt inntrykk gjorde timane i Pompei. Vi hadde ei kjempeflink dame som gaid! Ho kunne alt om Pompei, og såg det som veldig viktig at vi fekk med oss mest muleg av det. Der og da opplevde vi å vandre bakover i historia så vi mest kjente lukt av oske og lava! Dessverre er vi ikkje slik laga at så mykje sitt att. Nedafor er nokre bilde vi plukka ut! Klikk på bilda for å sjå dei større og som bildeserie!

IMGP1890
I Pompei fekk vi servert verdens beste pizza, ifølge gaiden. Laga uta tidsur i teglsteinsomn. Såg maken/originalen i Pompei seinare.
IMGP1905
God kletørk!
IMGP1948
Her budde Maradaonna
IMGP1901
Napolibukta 1
IMGP1986
Napolibukta 2
IMGP2028
Colosseum
IMGP2087
Høgalteret i Peterskirka
Array
Petersplassen
Array
Panteon, templet som vart kjerke
Array
Trevifontena, vi kjem tilbake!
Array
Spansketrappa, nedafor den franske kjerka - og ved den spanske ambassaden
IMGP2109
Teatret var i god stand etter 2000 år
IMGP2111
Eg som trudde at høge gangfelt var nymotens påfunn!
IMGP2141
Bakom ser vi Vesuv som år 79 e.Kr. la 4 meter oske og lava over denne byen
IMGP2157
Varme sommardagar er det stor trafikk i gatene i Pompei att
IMGP2161
Vakre marmorblokker er solide kvilestøtter
IMGP2171
Gipsstøyping av menneske som omkom under katastrofa
IMGP2191
Gatekjøken i Pompei
IMGP1883
Sola brenn ut på Napolisletta