Asbjørn Moen

Åpen Dag:

- Grusomt å flytte

Etter å ha hatt ein trygg og god barndom på Sunna i Rindal, var Asbjørn Moen enig med søster Målfrid om at det var «grusomt å flytte» da faren døde og måtte flytte til Trondheim i lag med mor og storebror.

Helene Marie Nergård.JPG
Ledaren i Rindal Pensjonistlag, Helene Marie Nergård, var glad for å ønske den utflytta rindalingen Asbjørn Moen velkommen som foredragshaldar.

Familien Moen budde i Villaen, styrarbustaden til Rindal Meieri der faren var meieribestyrar. Da faren døde måtte dei flytte for å gje plass til ny meieristyrar, men hytta på Nordmarka har dei. Asbjørn Moen sa at han hadde feira alle sine 75 påskehelger der.

IMGP1266.JPG

Han vart rørt når han fortalte at når dei passerte grensa på Rindalsskogen og såg Skåkleiva, da sa ungane bak i bilen: - No snakkar far rindaling! Både søskena og Asbjørn insisterer på at dei er rindalingar, og det likte forsamlinga på Rindal Eldresenter. Jamaldringane til Asbjørn i Sunnaområdet var sterkt representert i salen.

IMGP1283.JPG

Oppvekst
På den tida Asbjørn Moen vaks opp, var Rindal den bygda i Møre og Romsdal som leverte mest mjølk, og den hadde flest kyr og hestar i fylket. Meieriet på Sunna var sentralt plassert og ei viktig bedrift i bygda. Dit kom mjølkbilen kvar dag med mjølkspanna frå alle kantar av bygda, og det skjedde rett over vegen for der Asbjørn budde.

Asbjørn Moen IMGP1276.JPG

Kvifor Asbjørn
Så kunne han fortelle kvifor kan heitte Asbjørn: Han var oppattkalla etter Asbjørn Grendal, mjølkbilsjåfør og kjøle god fotballspelar, og storebror meinte det var rett namn.

Skule
Asbjørn hadde gode minne frå skuletida, og mintes særleg Karen og Bjarne Skrøvset. Sløyd var favorittfaget hans, men han likte også historiefortellinga til Skrøvset om gammelnordmennene. Begge desse faga kunne visst gå langt utover vanleg skuledag.

Sløydarbeidet tok riktig av da han fekk ta med seg heim ein stor høvelbenk frå Evjen!

IMG_6166-001.jpg

- Far lika ikkje gjeralausa

Det verka ikkje som Asbjørn hadde vore prega av gjeralausa. I tillegg til leik og idrett, dreiv han og Odd «Meistad» med oppkjøp av tagl (hår frå heste-, ku- og oksehalar) på gardane rundt i området. Dette ordna far til Asbjørn slik at dei fekk selge til Jordans Børstefabrikk. Dei samla også furukongler som dei selde til frøbutikkar. Slikt vart det pengar av!

Fotballkeperen
Det var godt å vekse opp på Sunna i 50-åra. Det var ei lita fotballslette mellom Villaen og Meieribakken. Der vart det spela mykje fotball, men det vart også spela fotball inne på Meieribakken hos jamaldringen Jan. Ein gong ropa faren frå kontoret rett over vegen at det var telefon til Johanna, bestemor til Jan. Da svara Johanna at ho ikkje hadde tid, for ho stod i mål!

IMG_2711-001.JPG

Vitenskapsmannen
Asbjørn Moen er utdanna biolog med cand.real ved Universitetet i Trondheim i 1970, og er i dag professor emeritus i økologi og naturvern ved NTNU Vitenskapsmuseet, Seksjon for naturhistorie. Han tok doktorgraden i 1991. Han vart utnemnt til Riddar av 1. klasse av St.Olavs Orden for innsatsen sin innan økologi og naturvern i 2014.

IMGP1291.JPG

Langtidsstudier av markaslått på Nordmarka
Arbeidet hans med studier av myr på Nordmarka var sentrale i forskinga hans. 50 år etter dei første forskingsarbeida hans kan vi finne att dei same områda og sjå endringane. Dei er merkbare. Noko av den same forskinga har han drive med i eit større område kalla Sølendet ved Røros. Dit dreg han med forskarar framleis.

Mange planter varierer sterkt frå år til år, så ein må studere same området i fleire år for å få rett kunnskap om tilstanden. 800 myr-ruter på 25 x 25 meter har vore slått og studert gjennom åra på Sølendet. I Tågdalen er det eit område som blir slått kvart tredje år i samanheng med denne myrforskinga.

Asbjørn Moen tykkjer han har vore heldig som har fått vore med på denne forskinga. Truleg er fleire glade for at han har vore med.

IMGP1290.JPG

Før dreiv mange bønder med markaslått. Dette foret vart lagra i høyløer og høystakkar til det vart kjørt heim til kyrne om vinteren. Dermed kunne bøndene ha fleire kyr og fekk meir gjødsel til innmarka. Etter krigen kom kunstgjødselen. Da vart det mindre behov for utmarks-slåtten. Så gror utmarka igjen.

Asbjørn Moen rosa også Utmarksavdelinga som Rindal Skimuseum har i Fossdalen. Der prøver dei å halde utmarks-slåtten i hevd. Slåttamyrer er eit truga naturområde.

Orkideer.JPG
Her er nokre av dei 15 orkidéartene som finns på Nordmarka. Mange av dei forsvinn med gjengroing.

Asbjørn Moen avslutta foredraget sitt med visa «En liten blåveis» av Herman Hermani, og mange song med.

IMG_6176.jpg
Ledaren i pensjonistlaget, Helene Marie Nergård, takka Asbjørn Moen for foredraget.

Etter eit godt måltid med lapskaus og fromasj, var det Rindal Seniordans sin tur til å vise seg fram. Dei dansa til både norsk, svensk, østerriks(?) og Elvis-musikk.

Seniordans 2019-07-04 12.12.45.jpg

Seniordans 2019-07-04 12.23.30.jpg

Dei avslutta med med den skandinaviske visa "Til bygda".

Berit og Asbjørn Moen deltok i seniordansen 2019-07-04 12.31.55.jpg
Berit og Asbjørn Moen tok, i lag med fleire andre, imot utfordringa og deltok i avslutningsdansen!

Ildri og Torolv Heggem møter Asbjørn Moen.JPG
Ildri og Torolv Heggem fekk ein hyggeleg prat med Asbjørn Moen.