- Ho Marit he haft det gøttj

Torsdag kveld opna Rindal Kunstlag juleutstillinga for i år med glaskunst frå Glasslåven v/Heidi M. Bullen og fargerike, humørfylte bilde av Marit Bergem. Bilda utløyste kommentaren i overskrifta.

IMGP0264.JPG
Opningskvelden var det servering av gløgg og pepparkaker.

IMGP0269.JPG
Det var godt med folk da Inga Dalsegg opna utstillinga med ei kort orientering om kunstnarane.

2017-11-09 19.13.13.jpg
Heidi M. Bullen frå Glasslåven stiller ut ting ho har skapt i glas og keramikk. Det er både bilde i glas, fat, skåler og smykke.

IMGP0272.JPG
Denne kan bli din etter intenst loddkjøp og ein stor porsjon flaks! Opplysning: Bildet er i glas!

IMGP0282.JPG
Heidi M. Bullen frå Glasslåven på Inderøy er kjent av mange i kunstlaget frå studietur til Den Gyldne Omvei.​

IMGP0278-001.JPG

Marit Bergem bur i Sandefjord der ho har Galleri M. Ho kjem frå Sunndalsøra. Ho har jobba som bildeskapar i mange år. Ho stiller ut bilde med akryl på lerret og akvarellar i ulike størrelser. Bilda er formidla med eit personleg uttrykk. Du kan følgje henne på Instagram som maledama!

IMGP0273.JPG

IMGP0280.JPG

Marit Bergem skriv dette på nettsida si:

- Jeg baserer i dag mine produksjoner på egne stiliserte former og elementer. Inspirasjonen finner jeg i livet rundt meg , spesielle situasjoner , barns enkle og ærlige uttrykksform og naturens uendelige skattkammer. Fargens kraft og evne til å påvirke sansene våre gir meg uante muligheter i mitt arbeide. Sammen med en snert av humor gjør dette malingen til en stor del av mitt liv.

IMGP0279.JPG
Utstillinga byr på mange flotte tips til innkjøp for å oppgradere heimen eller sikre seg ein unik julegave. Handelen gjekk strykande opningskvelden!

IMGP0281.JPG

Juleutstillinga til Rindal Kunstlag er open fredag kl.18.00 til 20.00, og lørdag og søndag kl. 12.00 til 17.00 på Rindal Skimuseum.