På Åpen Dag denne torsdagen var det Bankens Dag.
10 000 kroner til Rindal Pensjonistlag!
Etter at Magne Bjørnstad, som er nestledar i Rindal Sparebank, hadde overraktgaven, orienterte han om banken – litt historikk og litt om banken idag. Utlånet er no på ein milliard, forvaltningskapitalen er på 1,2 milliard. Eigenkapitalen er på ca 145 millionar. – og grunnlaget for ein slik solid bank har dokk vore med på å legge, sa Bjørnstad.
Harald Solvik hadde ein programpost med lysbilde der han starta med med å vise nokre bilde frå onsdagens feiring av Oddvar Brå. Han fyller som kjent 60 år i desse dagar, og det var Trøndersk skilaug som arrangerte den tilstelninga. Nedafor viser vi eit par av desse bilda.
Harald fortsette så programmet sitt med kåseri og bilde frå VM på ski som nettopp var arrangert i Holmenkollen. Han viste bilde både med og utan skodde, men kommentarane var gode og klare. Det var mange rindalingar der, og dei hadde sin eigen haug! Da han fotalte om Therese Johaug sine prestasjonar gav forsamlinga henne spontan applaus! Det seier noko om interesse og engasjement.
Harald Solvik er ledar for turstigruppa til idrettslaga i Rindal. Derfor var det naturleg at han viste fram nokre bilde frå ein fellestur i Folldalen og Trollheimen.
Hovudposten denne dagen var at Rindal Sparebank overrakte alle 80-åringane bankens spaserstokk. Av dei 17 som var kvalifisert, møtte 7 stykke fram og mottok spaserstokken sin.
Dei 17 er: Olav I.Børset, Ingebjørg Bævre, Ingebjørg Bråten, Ola L.Løfaldli, Erna Langli, Ingrid Kvernberg, Jon Løfaldli, Lars L.Møkkelgård, Ragnar Øien, Astrid Røen, John Leif Haugen, Jorunn Bolme, Else Marie Ålbu, Olav J.Nergård, Jon Bolmøyen, Reidar Sande og Ingrid Ålbu.
Samlinga vart avrunda med kaffe, brød og blautkaker som Rindal Sparebank spanderte!
Frå venstre: Olav J.Nergård, Ingebjørg Bævre, Else Marie Ålbu, Ingebjørg Bråten, Ragnar Øien, Ola L.Løfaldli, Erna Langli og Jon Bolmøyen. med spaserstokkar frå Rindal Sparebank.