Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
2018-11-20 12

Du mitt Nordmøre

2018 frå hav til fjell

Mellom permar illustrert frå ytre og indre strøk av Nordmøre finn du mykje interessant lesestoff i årsskriftet til Nordmøre Mållag, med bidrag frå 10.-klassingar til meir aldrande veteranar på over 90 år.

Førsteoppslaget i Du mitt Nordmøre 2018 er ein artikkel til minne om Bjarne Østbø som i år ville ha fylt 100 år. Østbø var både skulemann og kulturmenneske, - politikar, diktar og språkforskar. Minneorda er ført i penna av Styrkår Brørs.

Ledaren i skriftstyret for Du mitt Nordmøre 2018, Astrid A. Aubert, skriv om kulturhelga Havglimt, og Svein Sæter skriv om sitt syn frå og på Reinsfjellet.

Fargeblind kunstnar? Umuleg! Nei, ikkje for Bjarne Stenberg, utflytta surndaling. Det skriv han om i ein illustrert artikkel.

Vi finn også ein artikkel om Møre og Romsdal fylke som skifta namn frå Romsdals amt i 1919.

Vi finn to historier frå siste verdskrigen om hendingar i Surnadal. Eivind Hasle skriv om krigsminne frå Øyeområdet, eit tema Senioruniversitetet for Indre Nordmøre tok for seg hausten 2017. Rolv Sæter har stykket «Spionasje på Skei» der han skriv om onkelen sin, Norvald Nilssen, som samla opplysningar for den hemmelege organisasjonen XU.

Hestskjæret fyr på Kjønnøya pryder framsida og har fått ein fin presentasjon av Ingrid Kjønnøy i årsskriftet. På siste omslagssida er vi absolutt i indre strøk! Kosebildet med budeia og kua er frå Grøvudalen, som du kan lese to artiklar om.

2018-11-20 12.58.50.jpg
Bilde frå årboka.

Du får kjøpt boka på lokale butikkar og bokhandlar, eller ved å kontakte Nils Ulvund (nils.ulvund@gmail.com).

 

IMG_20181120_0001-page-0_690x1036.jpg
IMG_20181120_0002-page-0_690x1036.jpg