Fredrik Sjøflot_350x243

65 år i korps!

Fredrik "Bæja" Sjøflot (82) har vore korpsmusikar i 65 år, og er framleis aktiv klarinettist i Surnadal Hornmusikk. Torsdag kveld vart det gjort ekstra stas på veteranen da Surnadal Skulekorps arrangerte vårkonsert med hornmusikken og Mo Skulekorps i Surnadal Kulturhus.

Fredrik "Bæja" er ein institusjon innan korpsmiljøet i Surnadal, og har sett sitt preg på musikkklivet i bygda i heile 65 år. Han var sjølvsagt på plass saman med Surnadal Hornmusikk under vårkonserten i Storstuå torsdag kveld, der hornmusikken og skulekorpsa frå Mo og Surnadal presenterte varierte repertoar.

Alle korpsa slit med låge medlemstal, men spela flott og publikumsvenleg. Og avslutninga, med fellesframføring av "Glade musikanter", var det verkeleg trøkk i!   

Klikk på bilda for større versjonar.

Fredrik Sjøflot_1024x711
Det vart gjort ekstra stas på Fredrik Sjøflot under korpskonserten torsdag kveld.
Fredrik Sjøflot, Ola Sylte_1024x657
Konferansier Ola Sylte sto for blomsteroverrekkkinga til Fredrik Sjøflot.
Mo Skulekorps_1024x650
Mo Skulekorps er forsterka med vaksne musikarar, og fekk det til å svinge på vårkonserten.
Surnadal Skulekorps[1]_1024x680
Også Surnadal Skulekorps har vaksenhjelp, og leverte ein flott konsert.
Felleskorps_1024x703
Dirigent Lars Peder Sylte og alle musikarane i aksjon under fellesnummeret Glade musikanter.
Peder Mauset_1024x725
Live Krangnes Edvardsen og Peder Mauset serverte smakebit frå kulturskulen sin kammerkonsert.