Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
2015-12-04 15

Rindal Heimbygdlag med årskrift

Året etter kyrkjebrannen

Rindal Heimbygdlag kan også i år by på eit fyldig årsskrift. 96 sider med interessant lokal lesnad redigert av Fredrik Løset er å få kjøpt i butikkane. Her får du mykje godt lokalt historiestoff.

Som vanleg opnar årsskriftet med ein årskavalkade der viktigaste kjelda både til stoff og bilde er Trollheimsporten. Utruleg mykje som har hendt dette året, frå november til november, - heile 21 sider! Fint kjeldestoff å ha i bokhylla.

Eit anna omfattande og rikt illustrert innslag er Joralf Halgunset sin artikkel «Utnytting av vasskraft i eldre tider» der han tek for seg vassdraga i Lomundalen. Særleg interessant i eit år der tanken om å føre vatnet frå Toråa til Hemne vart aktuelt att.

Mange av bilda i denne artikkelen er verdifull dokumentering av byggverk som snart er forvitra.

I serien om husmannsplassar blir husmannsplassar i Aungrenda presentert av Jon Kristian Aune og Fredrik Løset, og Jon Sveen har sett på posthistoria i Rindal.

Mange av oss «godt vaksne» gler oss over presentasjonen av lærarinna Anna Tørset som var lærar på Rindal skule i 36 år fram til 1963. Gode minne dukkar fram for mange her.

Vi blir også mint på at quiz ikkje er noko nytt. Ivar Bakk fortel om da Sportsklubben Troll etter å ha vunne ei lokal kunnskapstevling, kapra sigeren i fylkesfinalen og kjempa seg til ein tredjeplass i landsfinalen i Statens Edruelighetsrås Kunnskapstevling 1959.

Sidan det i år er jubileum både for start og slutt på siste verdenskrig, er det også artiklar om det. Lars Nergårds «forretningsreise» frå Hitra til Kristiansund og tilbake via Surnadal, Rindal, Kårøyan og Hemne var nok meir dramatisk enn den nøkterne fortellinga vi kan lese i årsskriftet.

Med særleg interesse for bruer, er det interessant å lese artikkelen om Bjørnåsbrua same månaden som ny bru bli opna over Sunna litt lenger ned. Underteikna er vakse opp på Brubakken ovafor den første Bjørnåsbrua som kryssa elva ved Bruøya og Neer Gammelbruhølen!

Kan ikkje nemne alle artiklane i årsskriftet, men Eivind Hasle skriv om IOGT-losjane i Rindal, og det er ukjent stoff for mange! Kjøper du bladet, så er du sikra mange timar godt lesestoff. Finn du det ikkje i butikken, så kan du kontakte Ragnhild Stavne Bolme eller Rindal Heimbygdlag.

OleT