Picasa

ÅRSMØTE 2014 Indre Nordmøre Senioruniversitet

ÅRSMØTE 2014 Indre Nordmøre Senioruniversitet

I tilknytning til første møte i 2014, 22.januar, om ”Optiske bedrag”, med cand.real Einar Oterholm som ansvarleg, og med 30 personar i salen, vart det og halde eit kort årsmøte.

  1. Møteleiar: Leiaren, Helene Nergård, vart vald til møteleiar.
     

  2. Underskriving: Til underskrivarar av årsmøteprotokollen vart Marie og Arild Drøivoldsmo valde.
     

  3. Årsmelding: Sekretær Eivind Hasle gjekk raskt gjennom årsmeldinga for 2013 (jf vedlegg). 4 møte pluss ei vandring i gruveområdet på Glærum er gjennomført., med til saman nesten 270 deltakarar. Godkjent.
     

  4. Rekneskap: Kasserar Kåre Sæterbø presenterte rekneskapen. Senioruniversitetet har blitt tilgodesett økonomisk både frå dei 3 aktuelle kommunane Halsa, Rindal og Surnadal og frå Gjensidige og Surnadal Sparebank, så økonomien er no god. Rekneskapen er revidert av revisor Brit Børset. Godkjent.
     

  5. Val: Heile styret har sagt seg villig til å gå på eit nytt år. Det betyr at Oterholm og Brørs er valde for 1 år framover, medan Nergård, Hasle og Sæterbø er valde for 2 år. (Styret vil prøve å få valt eit par varapersonar neste år, med tanke på fornying i styret.)

    I styret sit så i 2014: (Bildet) Einar Oterholm (Halsa), Kåre Sæterbø (Surnadal), Helene M.Nergård (Rindal), Eivind Hasle (Surnadal) og Styrkår Brørs (Surnadal).

Referent:

Eivind Hasle