Årsmøte i pensjonistlaget
Lys vart tent med eit minutts stillheit for å minnast dei som har gått bort dette året.
Tradisjonen tru vart det servert lapskaus, dessert og kaffe.
Lars Gåsvatn underheldt med opplesing. - Ita kvitlauk av Jørgen Gravvold og Ordskifte av Leif Halse, utan manus som vanleg.
Mykje allsong sette oss i god stemning og Arvid Halsetrønning sørga for musikk til allsongen.
Dagny Kraby og Ola Bjørnås mottok blomster og takk for godt samarbeid i styret.
Året som gikk.
Laget hadde pr.31.12.2012 - 135 medlemmer.
Av aktiviteter dette året kan nemnast: Åpen dag har hatt 16 treff, julebord og bankens dag. Turnemnda har lagt til rette og fått gjennomført 5 bussturer. Til Malvik, Meldal, Surnadal, Brøste i Romsdal og Tustna. Det har vore sendt ein god del strikkaplagg til Estland som pensjonistane har strikka av garn som var innkjøpt av laget.
Styret har vedteke at Åpen dag skal arrangerast ein gong kvar fjortande dag til hausten. Dei kom og med forslag om å endre oppmøtetida til kl.11, men det vart nedstemt av årsmøtet.
Pensjonistlaget ønsker det nye styret lykke til med arbeidet og gler seg til ein ny sesong.
Det var valg av nytt styre for 2013 og desse vart valgt:
Leiar: Gerd Helgetun
Nestleiar: Jostein Grytbakk (ny)
Sekretær: Leif kleven
Styremedlem: Else Ålbu
Styremedlem: Leif Mads Jonli (ny)
1. varamann: Oddvar Løset (ny)
2. varamann: Maria Røen (Gjenvalg)
Kasserar: Olav Helgetun (gjenvalg)
Revisor: Ann Grimsmo (gjenvalg)
Kjøkkenkomite: Leiar Gerd Løset
Asbjørn Flø
Ingvald Møkkelgård
Jorunn Jonli
Turnemd:
Sigrid Nerbu
Ann Ingeborg Grimsmo
Olav Helgetun
Valgnemnd 2014
Ragnhild Stavne Bolme (gjenvalg)
Jorunn Jonli (gjenvalg
Gudrun Moen (ny)
Det nye styret: Foran f.v. Else Ålbu - Leif Kleven - Gerd Helgetun.
Bak. Oddvar Løseth - Jostein Grytbakk - Leif Mads Jonli
Tekst: Rønnaug Brønstad. Foto/bildetekster: Olav Helgetun.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie etter at du har lese bildetekstene!