Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
RH styre 3 bruk_1024x604

Årsmøte i Rindal Heimbygdlag

Ann Ingeborg Grimsmo tok attval da Rindal Heimbygdlag hadde årsmøte på Rindal Frivilligsentral i går kveld. Når Ragnhild Stavne Bolme også tok attval, fortset heile styret i heimbygdlaget, som har 24 medlemmer - to fleire enn i fjor. Årsskriftet er lagets viktigaste og største aktivitet. Det kom i fjor i eit opplag på 650 og Fredrik Løset er redaktør.

Styret i Rindal Heimbygdlag i 2013: Ann Ingeborg Grimsmo, leiar, Edgar Landsem, nestleiar, Gunnar Nergård Løseth, kasserar, Ragnhild Stavne bolme, skrivar og styremedlem Willy Karlstrøm. Ellers er Fredrik Løset redaktør for årsskriftet og redaksjonsnemnd er heile styret saman med Fredrik.

Aktivitetar
Årsskriftet kom i fjor i eit opplag på 650 og av dette er det no att en rest på 105. innhaldlista for årsskriftet er oppdatert. På grunn av konkursen i bokhandlarkjeda Notabene må laget ta eit tap på 6500 kroner.

Under Kulturvøkku arrangerte heimbygdlaget kulturvandring aust i Romundstadbygda med start på Stomrød. Ola Storli og Ola Sæther var kjentmenn. Dei førte oss til gamle tufter og fortalte oss om  folk og lagnader på mange husmannsplassar som no er borte. Vel 30 møtte fram i regnveret og var med på ein interessant tur.

Også i år hadde heimbygdlaget stand på Torgdagen i Kulturvøkku. Inntektene til laget har vore sal av årsskrift og boka Rindalshumor. Laget fekk tilskott frå Rindal sparebank og kulturmidlar frå rindal kommune.

Rindal Heimbygdlag er med i Trollheimsporten med informasjonsside - bli med - alle som er med her.