054_cropped_1024x1218

Bæverfjord i.l.-kalendrane i salg!

Også i år har Bæverfjord idrettslag fått laga kalendrar for komande år. No er kalendrane for 2013, litt forseinka, endeleg her! Som i fjor har kalendrane motiv av utøvarar som har vore aktive både innan konkurranse og trim det siste året, så her er det mykje kjentfolk å sjå. Det er også med nokre naturmotiv frå bygda. Det vil koma kalenderseljarar rundt om i grendene, og idrettslaget håpar også å få lagt ut nokre eksemplar på butikkane. Dette må vera den perfekte julegåva til den som har alt, og som på eitt eller anna vis har tilknytning til bygda!

Leiar i Bæverfjord i.l., Magne Sollid, er fornøgd med no endeleg å kunne tilby nye, flotte idrettslagskalendrar for 2013. Foto: Norunn Holten

Det er fotballspelarane på 10-årslaget som saman med knøttar og langrennsløparar skal stå for salget i grendene. Ta kontakt med dei om du ønskjer kalendrar. Dei kostar 100 kroner stykket, så da gjeld det å ha skaffa seg kontantar før dei kjem! Styret i Bæverfjord i.l. oppfordrar bygdefolket til å slå fleire fluer i ein smekk: Få ein flott kalender på veggen eller som til gåve og gi kjærkomen støtte til idrettslaget samtidig.

Namn Geografisk område
Noa og Abel Bøverdalen (ovanfor skulen)
Emilie, Jon Inge, Kjell Arne og Mia Åsskard
Arnstein Naustvegen og Vollavegen
Gunn Astrid og Nils Edin Gjerdahaugen
Mira Sentrum Bæverfjord (Strandly t.o.m. skulen)
Hans og Daniel Belan (f.o.m. Gøran Rønning t.o.m. Belamyran)
Markus Korsvika- Solemen