Balldag 01 JV

Sesongslutt på museet:

Ball og bygningar

Sildball og basar lokka kanskje dei fleste, men mange ville også oppleve kåseriet «Hus på flyttefot». Difor var det tett rundt borda da Bøfjorden Sjøbruksmuseum avslutta sesongen søndag.

- Nydeleg sildballmiddag! tykte Johanne og Oddmund Lervik (bildet over). Og dei supplerte kåsøren med at meieribygget frå Bøfjorden tok vintervegen over fjellet til Valsøyfjorden!

Balldag 02 Inger Lise.jpg
Inger Lise Heggem serverte kaffe frå Gammeldisken.
 

Sildball var fattigmannskost, men har vorte lokkande festmat, kunne Inger Lise, Randi og Gunnhild på kjøkenet konstatere. Rykande nordmørsmat gjekk unna frå velfylte gryter.
 

Gjenbruk av hus

I sitt biletkåseri viste Bernt Bøe korleis gjenbruk var ein livsstil når folk sette bu i gamle dagar. Våningshus og fjøs vart flytta både to og tre gonger og gjorde ny teneste på nye tufter - i og utanfor same bygda.

Settemsgeilen i Bøfjorden står i dag på si fjerde tomt og var visstnok soldatbrakke frå først av. Folk fekk kallenamn etter hus og lagnad, og våninga hennar Dordi-Dørdi Stalla var faktisk ein stall - som først var flytta frå Bele til Åsgard og deretter kom til Settemsdalen. Den fattige kona kalla heimen sin for «Birkelind», enda Hans Hyldbakk tykte at «det likna mest av alt på ein kasse for kaninar»!

Berre frå Bøfjorden vart det dokumentert eit halvt hundre husflyttingar. Blant desse var skjelet frå Oppigardssetra, som vart kjøpt for 25 kroner og gjenbygd som bureisingsheim i Slettå i 1940!

Balldag 03 Dordi Dørdi STALLA Aasg.jpg
Dordi Bele («Dordi-Dørdi Stalla», 1854-1935) attmed heimen sin den tida «Stallen» stod vestafor Åsskard-kyrkja.

Balldag 04 Settemsgeilen RedVignett.jpg
Settemsgeilen starta som «Ekser-Huus» og står sia 1901 på sine fjerde tufter – attmed småbåthamna i Bøfjorden.
 

På flåte lange vegar

Blant dei mest langvegsfarande var stua frå Sjølgjetla, som vart «Bjørkvang» i Betna, og Lisabethusa frå Årnes, som vart heim for ein fiskarfamilie med foreldre og åtte barn på Rangøya i Averøy. Begge vart flota og frakta sjøvegen. Og «Bøfjordens Meieri» for over fjellet på slede og står no på Hestnes i Valsøyfjorden.

Ei stue frå Kjergroneset ved Hamnes kom til Marihaugen på Heggem før ho i 1860-åra vart til «Øverhagen» i same grenda. Og da naboen i Knuthagen takka for seg, fekk husa ny framtid på Bruvollen i Stangvika. Og «Røykjestua» på Surnadal Bygdemuseum (Åsen) i dag er eigentleg «Torvikstua», som stod i Torvika frå 1761 til 1923 og sia var Stangvik Bygdemuseum til ho relativt nyleg kom til si endelege adresse.

Slik nybyggjarhistorie er nærmast utan ende. Det var semje i salen om at dei gamle ikkje levde etter vår tids bruk-og-kast-ideologi, men i staden «for fint-åt» med det dei hadde!
 

Balldag 05a.jpg
«Lisabethusa» på Årnes rundt 1915 – med eigarane Ola og Elisabet Aarnes på trappa.

Balldag 05b.jpg
.... og slik står «Lisabethusa» i dag, på Rangøya i Averøy!

Balldag 06 Slettå Oppigrd B 212.jpg
Jonas og Ellen Bæverfjord bygde oppatt seterskjelet frå Oppigarden til bureisarheim i Sletta i 1940.

Balldag 07 Heggem Gammelstua.jpg
Gammelstua på Heggem (her med eigaren John Heggem, på 1930-talet) kom som «heimåfølgd» frå  Oppistua på Brøskja og vart rundt 1950 flytta til Haugen mellom Settemsdalen og Betna.

Balldag 08 Torvikstua.jpg
Torvikstua frå 1761 – her i perioden som «Stangvik Bygdemuseum».
 

20.000 besøkande sia starten

Sidan Bøfjorden Historielag og museet ikkje har fast offentleg stønad, er sesongutlodninga juni-september ei vesentleg inntektskjelde. Resultatet i år var 27.000 kroner til hushald og vidare kulturarbeid. Trekninga var kanskje dagens høgdepunkt.

2018 var den 24. sommareseongen på sjøbruksmuseet sia starten i 1995. Dermed har laget halde omtrent 375 temadagar med kaffe og kåseri, og samla besøkstal på desse søndagane er rundt 20.000.

 

Sendt av Bernt G. Bøe