BALLDAG_cropped_269x0_cropped_614x424

Balldag i Bøfjorden

Den tradisjonelle sildballdagen avsluttar sesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum i morgon, søndag. Dagens tema er om nordmørske eventyr, segner og gammel overtru. Og flotte gevinstar skal trekkjast etter sommarens utlodning.


Han Erk på Heggem hadde «Svartboka» og gjorde mykje trolldom med henne ...

Under tittelen «Ron-kall og anna overtru» blir temadelen eit møte med den rike folketradisjonen kring trolldom og lokale eventyr. Her har Nordmøre (og Bøfjorden) masse fascinerande underhaldning. 


 

Straumsnesingen Edvard Langset gjorde som Asbjørnsen og Moe da han rundt 1920 drog gardtales og skreiv ned segner, eventyr, rim og regler. Mykje av programmet byggjer på samlingane hans.


 

Vi hører om «trollmannen» Erk på Heggem, om ron-kjerringa i Sjølgjetlå, om «diskan» som flytta fjøset på Bøneset og meir til. Det skumle eventyret om «Pengpungjen som alder vart tom» blir vist som biletserie med skuleelvar frå Bøfjorden.


 

Spenning både i tema og trekning, altså – og ekte bøfjordsk sildball på bordet.


Innsendt av Bernt G. Bøe / Bøfj. Hist.lag, som er medlem av Trollheimsporten! Slik kan du bli medlem!