Bankens Dag 2012 for rindalspensjonistane
Først drog Magne Bjørnstad ein kort historikk over bankverksemnda i Rindal frå kornmagasinet i Auneburet til dagens Rindal Sparebank med 3900 personkundar (I Rindal bur det under 2100). Dei fleste utanbygds kundar bur i Trondheimsområdet. Banken har 200 bedriftskundar og 100 landbrukskundar. I januar passerte utlånet 1 milliard kroner, halvparten utanbygds, og eigenkapitalen er 150 millionar.
Det som mange ikkje er klar over er at Rindal Sparebank også er relativt stor tenesteytar på forsikring med 6 autoriserte rådgjevarar.
«Lokalbanken i lomma» er det aller siste nye – viss ein held styr på koden. Med ein «app» styrer du alle banktenestene dine med smartmobilen din, fortalde Magne Bjørnstad. Dette var nok ikkje det mest aktuelle publikummet for denne tenesta.
Som overgang til eit kåseri om skisporten i Rindal ved Edgar Landsem, viste Magne eit Dagsrevyklipp frå Rindalsrennet 1961, med kjente løparar som Sverre Stensheim, Einar Østby, Harald Grønningen og Magnar Lundamo.
Edgar Landsem tok så den lydhøre forsamlinga med på ei reise gjennom Rindals idrettshistorie. Han refererte til Jakob Kjersem som skreiv Møre og Romsdals skihistorie og Idar Dahl som skreiv 100-årsjububileumsskriftet for Sør Trøndelags Idrettskrets. I begge desse skriftene hadde løparane frå Rindal ein sentral plass. Han viste også til Bernt Bøe som har skrive mykje om dette etter å ha intervjua dei fleste gamle stjernene. Boka hans heiter "Mangt å minnast".
I forsamlinga satt to av skiveteranane i Rindal, Jon Landsem(nedafor) og Mikal Kirkholt(i midten), den siste absolutt i særklasse med si sølvmedalje i stafett frå OL i 1952. Året før tok han sølvmedalje på 18 og 30 km under NM i Narvik. Vi fekk høre mange historier omkring dei ti store skiløparane Rindal har hatt - John Røen, Torvald Heggem, Sigurd Røen, Magnar Fosseide, Edvin Landsem, Mikal Kirkholt, Per Landsem, Magnar Ingebrigtsli, Reidar Helgetun og Tore Bjørnstad, enda fleire kunne vore nemnt.
!951 var truleg det største idrettsåret i Rindal. Fotballaget Troll kom til 3.runde i NM i fotball. Edvin Landsem tok gull på 50 km i NM i Narvik. Mikal Kirkholt vart nr.2 på 30 km, Martin Stokken vann. Mikal Kirkholt vart nr.2 på 18km. Hallgeir Brenden vann.Edvin Landsem tok bronse på 30 km. Tore Bjørnstad vart nr.2 i junior-NM, slått av Kristen Kvello.
Tore Bjørnstad er far til banksjef Magne Bjørnstad, og hadde nok verdensmesterskapet i militært patruljeløp frå 1955 som sitt beste resultat. Patruljen bestod av 3 rindalingar og ein meldaling: Tore Bjørnstad, Magnar Ingebrigtsli, Reidar Helgetun og Odd Lykkja. På bildet nedafor til høgre har den nye banksjefet fått på seg startnummeret faren Tore Bjørnstad hadde under VM i Falun i 1954
Edgar avslutta kåseriet med å lese opp eit beundrarbrev til Edvin Landsem frå Arne Treholt, og sa at Mikal Kirkholt framleis får brev med spørsmål om autograf frå samlarar frå ulike kantar av verda.
Her ser du 80-åringane som møtte opp og fekk seg kvar sin tursekk.
Nedafor er også representantar frå banken med
Nedafor ser du namna på alle 80-åringane i Rindal i 2012.