Bedrift og butikk på museet
Bedrift og butikk på museet
Bøfjorden Sjøbruksmuseum tek for seg gamle bedrifter komande søndag. Skipsbygging, tønneproduksjon, impregnering og butikkar kjem på lerretet.
Båt- og skipsbygging har prega bygda – frå lenge før Isak Aasgaard bygde seglskuta «Fridtjof» og til Arne A. Bøe klinga sine siste båtsaumar på 1980-talet.
Jon Moen produserte tønner. I Settemsdalen sauma dei Hjelmen-dressar. Og Peder J. Bøe og Sønn laga kassar til Werring og kleppfiskeksporten.
I Saghølen skar dei eksportmaterial på oppgangssag i hollendertida. Og trearbeid har halde fram på Settemsørane - med Nordmøre Impregnering, MøreTre og Bøfjord Sag.
Butikkhistoria avrundar programmet – med biletglimt og anekdoter. Om handelsmannen som beit pepparmyntene i to før han selde dei, om guten som forlangte 50 kilometer strømpestrikk – og om ymse anna.
Kaffe ordnar Eldfrid og Torbjørg denne søndagen.
......................
Nederst ser du plakaten!
Siste dag på Orsetbua – 1. juli 1973. Kunde er Hermann Bekken, og bak disken er Valborg, Anton og Karen Orset.
Stabelavløp for Ola Bøklepp (t.h.) sin siste motorbåt – som han bygde i 1970.
Nordmøre Impregnering like etter starten i 1951.
Settemsdal AS produserte «Hjelmen-dressen».