Bjørn Austigard

Bjørn Austigard til Senioruniversitetet for Indre Nordmøre

Romsdalingen, museumsmannen og kulturprisvinnaren Bjørn Austigard besøker Senioruniversitetet for Indre Nordmøre torsdag 23.februar. Her skal han på Kulturhuset på Skei kåsere om lys og lamper gjennom historia – og han har med seg ”ei bøtte med rart i ” for å illustrere kåseriet. Både for dei som har høyrt Bjørn Austigard før – og for dei som ikkje har opplevd han, er arrangørane sikker på at det vil bli eit minneverdig møte!

I tilknytning til arrangementet vil det også bli gjennomført ei kort oppsummering av aktiviteten første året, og eit enkelt og ”ufarleg” årsmøte.      
EHA