Kvilarsteinen_1024x683

Bli med til Dreyerstuløa!

-Det er klart for den siste fellesturen dette trimåret! melder trimgruppa i Bæverfjord i.l . Turmål er Dreyerstuløa, og det er felles avgang frå Åsskardhøgda kl. 17.30 førstkomande måndag. Turen var opprinneleg oppsett tirsdag 10. september, men på grunn av kollisjon med fotballtreninga for dei yngste barna, er det bestemt å flytte turen. Idrettslaget sørger for kveldsmat til turgåarane vel framme ved løa!

Mange barn har vore blant dei mest trufaste deltakarane på fellesturane denne sommarsesongen. Da den siste trimturen for året viste seg å kolliderer med fotballtreninga for ungane til og med 4. klasse, fann trimgruppa det rett å flytte han.

Idrettslaget byr på kveldsmat ved turmålet, slik at ein ikkje treng bruke tid på det etter at ein kjem heim. Alle er velkomne til å delta på turen!

Vil du sjå kor triveleg det var på sist idrettslagstur, som gjekk til Bæverfjordsetra, ta ein titt på bilda under:

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

 

Kvilarsteinen_1024x683
Rast på Kvilarsteinen på heimtur.
Utanfor Torestuskjelet_1024x683
Vel framme på setervollen.
Trekløver_1024x683
Triveleg på tur!