Bøkkeren ingr

Bøkkeren fascinerte

Tor Fjærli hadde eit interessert publikum da han demonstrerte bøkkerfaget på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. I ein uvanleg fascinerande skuletime viste han prosessen frå lause tønnestavar til ferdig produkt.

Fjærli Tønnefabrikk vart starta i 1905 av oldefaren. Men det er eit tusenår gammelt og ærverdig fag han fører vidare på tilnærma hobbybasis i dag.

- I storhetstida på 1950-talet laga Valsøyfjord-bedrifta opptil 30.000 tønner i året, fortalte Tor.

Blant dei frammøtte var det elles mange med tønnemakarar i slekta. Som emballasje var tønner einerådande på sitt område til langt ut på 1900-talet, og frakteskuter med tønnelast opp til rorhusglasa var jamnt å sjå på fjordane.
 

Bøkkeren 01.jpg
Startfasen: Slagbandet held stavane på plass.


Filma prosessen

Som synleggjering av «å slå tynnå» laga Tor «from scratch» ei kvarttønne (kvarter, kvartel, kvartill) denne dagen. Bjarne Røen filma heile prosessen med videokamera. Han kjøpte da også det ferdige produktet til slutt – som suvenir frå dagen.

Fagmannen starta med å reise stavane saman til si typiske runde form. Så kakka han slagbandet ned på kvartillet. Med tautvinge og slagband fekk så andre enden tilsvarande behandling. For å få treet mjukt og bøyeleg elda han opp inne i kvartillet nokre minutt. Tre ulike høvlar vart bruka for å jamne stavendane og laga spor til botnplata.
 

Bøkkeren 02.jpg
Varme for å gjera staven høveleg mjuk.

Bøkkeren 03 (1).jpg
Høvling av stav-endar og botnspor må til.


Klinka tønneband

Så klinka han jarnbanda som i vår tid erstattar tønnebanda ein før i tida henta på skogen og måtte skjera med bandkniv.

– Å få på banda den gongen var like mykje arbeid som på resten av tønna, forklarte Tor.

Med end-banda og buk-banda på plass var kvartillet ferdig. Tor kunne stemple botnen med «Fjærli Tønnefabrikk, Valsøyfjord», og applausen braka laus frå ei fascinert forsamling.
 

Bøkkeren 04.jpg
Her er sporet til botnplata ferdig.

Bøkkeren 05.jpg
Eine botnen blir kakka på plass.


Også på Bøfjordhelga

Mange nytta høvet til å kjøpe seg ein stamp eller eit kvartill. Og komande laurdag stiller Tor Fjærli opp på Bøfjordhelga, så sant veret er bra. Der kan nytt publikum både oppleva fagmannen i arbeid og kjøpe seg bøkkerprodukt frå Valsøyfjorden – anten stampar av ulike størrelse, åtting, kvartill eller heil (eventuelt halv) tønne.
 

Bøkkeren 06.jpg
Bjarne Røen (t.h.) filma heile prosessen og sikra seg det ferdige produktet.

Bøkkeren 07.jpg
Bøkkeren med nokre av produkta sine: Heiltønne, kvartill, stampar og to åttingar forma som hyller - eller kanskje nattbord til hytta?

 

Tekst og foto: Bernt G Bøe