Randi og Sverre

- ”Ord og tonar” på Kallastua i dag, laurdag 20. august kl.17.00

Bokslepp på Kallastua

”Ord og tonar” er ein programserie som kantoren i Surnadal og hjelparane hennar har arrangert på Kallastua to-tre gonger for året det siste tiåret. Hovudtemaet denne ettermiddagsøkta er presentasjon av diktboka ”Å vera her” av Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle.

Det skal vera ”Ord og tonar” på Kallastua laurdag 20. august kl.17.00. Dette er ein programserie som kantoren i Surnadal og hjelparane hennar har arrangert på Kallastua to-tre gonger for året det siste tiåret.

Musikalske gjester denne gongen er songaren Sigrid Vetleseter Bøe akkompagnert på piano av Hedda Hansen Berg.

Hovudtemaet denne ettermiddagsøkta er den nyst utkomne diktboka ”Å vera her”, som er eit utval av likt og ulikt som Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle har skrive gjennom åra. Surnadal Heimbygdlag står for utgjevinga.

Denne boka er nr. 12 av Surnadal Heimbygdlags skrifter. Dei fire siste har Sverre Hatle redigert og laga manuskriptet til: Jørgen Gravvold: Ville blomstra, 2006, nyutgåva av Hans Hyldbakk: Vårsøg, 2010, og Ord te gagns, 2010.

Diktboka er i seg sjølv nokså kravlaus, 128 sider digitaltrykk med mjuk perm. Men ho har 16 fargefoto av bilete som Randi har laga. Det offisielle boksleppet blir på Kallastua den dagen. Prisen på boka er 200 kr.

 Vi kjem til å få ein del smakebitar frå boka. Nokre av tekstene har melodi, og sidan ”Ord og tonar” har ein fast allsongtradisjon, vil folk bli utfordra til å vera med og syngje nokre av songane frå boka.

Servering hører med på desse arrangementa, og denne gongen blir Heimbygdlaget medarrangør og ansvarleg for maten.

 

Last ned plakaten her!

 

Les ein smakebit og Føreorda til boka nedafor:

 

 

 

Det er ikkje gull alt som glimar

og slett ikkje dikt alt som rimar.


 

Det kjem ikkje gullegg frå høner,

men sanning kan finnast i skrøner.


 

Og viss det er mange som diktar,

kan eitkvart bli gullkorn som glitrar.


 

Randi


 

Føreord


 

Vi to som har laga denne boka, Randi (f. 1941 i Surnadal) og Sverre (f. 1942 i Fræna), er gift med kvarandre og har budd på Gulla i Surnadal sidan 1980. Her var vi gardbrukarfolk i vel 20 år etter at vi slutta som lærarar. No sit vi som ”husmenn” eit par steinkast unna det tunet der vi gjekk i så mange år.


 

Det meste av det som finst i denne boka er skrive gjennom dei åra vi har budd her. Både språk og innhald ber preg av det. (Nokre av dikta er skrivne på surndalsmål.) Vi har skrive mest for oss sjølve, men også høvesdikt eller ytringar som kan ha stått i eit blad eller vore opplese nokon stad.


 

Folk har spurt om vi ikkje skulle gi ut bok. – Nei, det var no ikkje tanken. Men det hender ein får nye tankar. Så gav vi oss til å bla igjennom og undrast på om eitkvart framleis kan vera av interesse eller til glede for andre enn oss sjølve. Slik vart denne samlinga til.

 

Samlinga er ikkje kronologisk. Stoffet er sprikjande både i form og innhald, men vi har prøvd å grovsortere det i fem bolkar.


 

Å seie seg ferdig med eit dikt er ein vanskeleg prosess. Stadig finn ein noko som skulle vore annleis. Difor kan det hende du møter att eit dikt du har sett før, litt forandra. Da er det den siste versjonen som gjeld – til så lenge.


 

Når ein lever tett innpå kvarandre og deler det meste, deler ein ofte tankane òg. Stundom gjev vi kvarandre råd, og det hender at vi samarbeider så tett at vi set begge namna våre under diktet.


 

Randi har laga ein del tekstilapplikasjonar og måla nokre bilete oppgjennom åra . Bileta i boka er fotografi av slike ting. Desse er ikkje direkte knytt til dikta, men kanskje orda og bileta på eit vis kan talast med og utfylle kvarandre.


 

Til hjelp for dei som tykkjer vi brukar litt uvante ord, står det nokre ordforklaringar etter innhaldslista atti boka. Elles viser vi til ordboka ”Ord te gagns” frå Surnadal Heimbygdlag. Somme dikt i bolken ”No skin det” kan vera vanskeleg å forstå for andre enn surndalingar, det får de bera over med.


 

Takk til Surnadal Heimbygdlag som ville gi oss ein plass i rekkja av skriftene sine.


 

Randi og Sverre


 

Å vera her

Er du av dei
som helst vil vera
på andre sida av gjerdet,
for der er finaste hagen,
– på andre sida av vegen,
for der er flottaste huset,
– på andre sida av dalen,
for der skin sola om kvelden,
– på andre sida av fjellet,
for der er sommaren lenger,
– på andre sida av havet,
dit fuglane flyg om vinteren?


Nei, det er her
eg helst vil vera,
for her veks roser
og løvetann i hagen,
og her har eg barn
og ektemann i huset.
Her et vi frukost
i sola på trammen,
og her nyt vi omnsvarmen
vinterkvelden,
og hit kjem våren
og fuglane att
som eit under.


Den kjæraste plassen på jorda er her,
for her har eg alt,
ja alt det som er.
Randi