Picasa

«Tenk det, Hedda!»

Ibsens mangetydige teaterstykke «Hedda Gabler» på Trøndelag Teater var målet då Indre Nordmøre Senioruniversitet arrangerte teatertur til Trondheim 10/9. 20 personar vart med, og deltakarane fekk både ein hyggeleg busstur, og eit svært interessant besøk på Snefugl Gård i Buvika (bildet over). Der var det orientering og lunsj på garden som har ei historie tilbake til mellomalderen og som har vore overnattings- og møteplass for både kongar, pilgrimar, og biskopar. I tillegg har garden landets største private Prøysen-samling.

2016-09-11 10.33.17.jpg
Foto fra Trøndelag Teaters programfolder.

Men først og fremst var det teaterstykket «Hedda Gabler» frå 1890 som var målet, om denne vakre, evnerike, gåtefulle og usympatiske generaldottera, som meir var generaldotter enn mannens hustru, og som fylte livet sitt med å manipulere liva til personane omkring seg. Som i ein gresk tragedie enda det med at hovudpersonane Hedda Gabler og «tvillingsjela» Ejlert Løvberg var døde då stykket slutta. Løkken-jenta Kjersti Haugens komprimerte, enkle og moderne regi understreka Ibsens tidlause menneskeskildring.

EH

2016-09-10 16.27.53.jpg
Arild og Marie Drøivoldsmo, Marit Moen og Eivind Hasle

2016-09-10 17.12.05.jpg
I buret var det minner frå den fleire hundre år lange historia til Snefugl Gård.

2016-09-10 17.18.19.jpg

2016-09-10 17.22.52.jpg
Tuntre som er planta av biskopane ved pilegrimsleia til Nidaros.

Foto: OleT