PB132117_500x375

Då mennene styrte


PB132113.jpg


Det var hovudsakeleg kvinner som møtte fram då Senioruniversitetet for Indre Nordmøre markerte 100-årsjubileet for kvinneleg stemmerett. 4 kvinner med politiske erfaringar frå lokalpolitikken tilbake til 1970-, -80- og 90-talet fortalde om sine erfaringar.  Frå Halsa deltok Gjertrud Aasbø og Eldbjørg Reiten, som begge hadde representert SP. Frå Rindal var Ragnhild Stavne Bolme (DNA) med, og frå Surnadal Rannveig Brøske (V).
 

Framleis på 1980-talet var det nok slik at familie og vener kunne meine at det helst var mannen som burde engasjere seg i politikken, og det var minimalt med tilrettelegging for å kunne kombinere familieliv og politikk. Og mennene hadde betre tid til å vere heimanfrå i møte! Ofte var møta nesten utan ende --
 

Samtidig understreka alle at den politiske erfaringa hadde vore svært nyttig og lærerik, og hadde gitt både innsikt i lokalsamfunnet og i norsk politikk.  Sjølv om det nok hadde vore politisk kamp for å gi rom for kvinnene i lokalpolitikken  - var det i ettertid dei positive erfaringane som sto sterkast.
 

Eit avisoppslag frå avisa ”Driva” i 1978 viser at Nordmørskommunane på den tida var styrt av menn: Av 204 valde representantar  var det berre 19 kvinner, dvs godt under 10 %. Rindal låg blant dei fremste, med 3 kvinner av 17 i kommunestyre. Og i Surnadal var det 33 mannlege representantar – og ingen kvinnelege!  Så sjølv om enkelte framleis meiner at likestillinga kunne vore betre, har det trass i alt skjedd ei positiv utvikling sidan 1970-talet.
 

EHA (ref)


PB132117.jpg

Foto: Helene Nergård