Senioruniversitetet IMG_1597_715x477

Dei kom ikkje attende -

Det sa Eivind Hasle då han satte sette fokus på jødehistorie og deportasjonen av jødane frå Norge og Møre og Romsdal under 2. verdenskrig. Indre Nordmøre Senioruniversitet hadde samling på Kulturhuset i Surnadal 20. november, og temaet var dette tragiske 70-årsminnet.

 

Frå venstre Einar Oterholm, Halsa, Eivind Hasle, Surnadal, og Ragnhild Bolme, Rindal, tok ein sjekk på fakta etter kaffen.

 

 

Den 26. november la Donau ut frå Oslo med 302 menn, 188 kvinner og 42 barn om bord, til samen 532, alle jødar. Kursen vart sett mot Tyskland. Der bar det rett til dødsleiren Auschwitz. Kvinnene og barna vart ført direkte til gasskammera, mennene vart sett til hardt arbeid, og med lite mat døydde dei etter kvart. Berre ni av dei som drog med Donau kom attende til Norge etter at krigen var slutt.

 

Eivind Hasle drog det historiske perspektivet. I Grunnlova frå 1814 var det forbudt for jødar og jesuittar å kome til Norge. Denne såkalla ”jødeparagrafen” vart oppheva i 1852. Henrik Wergeland og fleire med han, arbeidde for at paragrafen skulle fjernast, og det skjedde 1852, sju år etter at Wergeland døydde.

 

Dei fleste norske jødane kom frå aust, frå Russland, Polen og Litauen. Dei fekk liv og eigedom øydelagt gjennom såkalla pogromar. Antisemittismen hadde godt fotfeste også i Norge. Etter at nazistane kom til makta i Tyskland, vart jødane trakasserte og forfølgde. Likevel var dei ikkje velkomne til Norge.

 

Under krigen var det busett jødar fleire stader i Norge og også i Møre og Romsdal. Her budde dei fleste i Kristiansund. Registrering av jødane var gjennomført tidlegare, så då marsjordren kom, var det enkelt å få jødane sendt. Skipet Donau fekk ikkje med alle, for jernbanetog med jødar var ganske forseinka, også på grunn av sabotasje. 28 av jødane frå Møre og Romsdal kom ikkje attende.


 

Eivind Hasle har skrive fleire artiklar om jødane i Møre og Romsdal. Han er historikar og no pensjonert skulemann. Han har i lang tid vore interessert i minoritetar i samfunnet. Han meiner at vår haldning til minoritetar seier noko om det samfunnet vi er sin del av; det seier noko om kor rause vi er.

 

Samanlikning med Danmark set ikkje den norske historia i betre lys. Der sette dei i gang ein stor aksjon for å få danske jødar over til Sverige. Mange berga livet på grunn av det.


 

Samlinga på kulturhuset vart avslutta med kaffe og kake på Vårsøg Hotell. Rundt borda gjekk praten livleg mellom dei 25 frammøtte. Alle meinte at dette var eit svært interessant tema, og Eivind Hasle fekk mange gode tilbakemeldingar for framlegget sitt.

  • Når vi høyrer om enkeltskjebnar, blir det meir interessant. Store tal gjer ikkje same inntrykk. I dag ser vi og på innvandrarar som ”dei andre”. Kjem vi i snakk med enkeltpersonar, lærer vi fort at dei er interessante menneske. Dei er som oss, sa Sverre Hatle.

 

Etter eit vellukka arrangement med eit trist, men interessant tema, delte deltakarane tankane sine med kvarandre før dei tok farvel og gjekk attende til kvardagen.

Tekst/bilde: Helene Marie Nergård